Opna hovudmenyen

Sde Trumot (hebraisk שְׂדֵי תְרוּמוֹת) er ein moshav i Beit She'an-dalen nord i Israel. Han ligg kring 7 km sør for Beit She'an og hovudveg 90 passerer gjennom. Han ligg i Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune.

Sde Trumot
moshav
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune
Koordinatar 32°26′24.71″N 35°29′9.59″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Sdei Trumot

Han vart grunnlagd i 1951 av jødiske emigrantar til Israel frå Irak og Kurdistan som ein del av rørsla Hapoel Hamizrachi.

Namnet «Sde Trumot» er basert på klaginga til David for Saul og Jonathan som vart drepne i ein krig mot filistrane på det nærliggande Gilboafjellet. Klaginga er nedskrive i det første kapittelet av 2. Samuelsbok. Orda «Sde Trumot» tyder «offermarkene».

Moshaven er ein av fire moshavim i «Bikurah»-blokka. Dei andre er Revaya, Rechov og Tel Teomim, som alle ligg i nærleiken.

Dei første innbyggjarar arbeidde med jordbruk og kvegdrift. I dag driv somme av dei moderne jordbruk med drivhus og andre teknologiar.

Den 19. juni 2003 førte eit sjølvmordsåtak i moshaven til at butikkeigaren Avner Mordechai vart drepen.[treng kjelde]

KjelderEndra