Sekse
Sekse er ei bygd på austsida av Sørfjorden i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Bygda består av om lag 20 gardar og eitt byggjefelt. Her vert det hovudsakleg drive med fruktdyrking og sauehald. Riksveg 13 går gjennom bygda nede ved fjorden, medan Fv101 går litt høgare oppe.
Sekse | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Ullensvang | ||
Postnummer | 5773 HOVLAND | ||
Preposisjon | på Sekse | ||
Ferdselsårer | |||
Sekse 60°14′49″N 6°37′25″E / 60.246833333333°N 6.6236388888889°E |
Bygda har barnehage, medan dei eldre må til Lofthus for å gå på skule. Når ungane er ferdig med sjuande klasse, reiser dei til Kinsarvik for å gå på ungdomsskule.
Grendahuset Grannatun ligg på Sekse.
Idrettslaget Føyk held til i bygda og har om lag 200 medlemmar.
I 2018 blei småbåthamna Grannabryggjo opna med kapasitet til 50 båtar. Båthamna er privat og bygd med private midlar.
Thord Paulsen Maskin AS driv bil og landbruksverkstad på Sekse, dei er med i Meca-kjeda og er blant anna forhandlar av Honda og Husqvarna.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sekse» frå Wikipedia på bokmål, den 9. juli 2009.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |