Honda Motor Co., Ltd. er eit japansk føretak som produserer motorar, generatorar, bilar, lastebilar, motorsyklar, skuterar, firhjulingar, snøfresarar, hagebruksreiskap, robotar, osv. I tal på einingar er Honda den største produsenten av motorar i verda.

Honda


Hovudkvarteret til Honda i Minato i Tokyo. Sjå dette på Wikidata
Org.formKabushiki kaisha
BransjeBilindustri, industriell produksjon
Skipa24. september 1948
DotterselskapAmerican Honda Motor Company
Eigenandel iAcura
LandJapan
Produktbil, motorsykkel, lastebil, robot, fly, motor, elektrisk generator, hagebruksreiskap, Et cetera
Grunnleggjar(ar)Takeo Fujisawa
Salsinntekter871 200 000 000 japansk yen (2022)[1]
Omsetnad871 200 000 000 japansk yen (2022)[1]
Resultat707 000 000 000 japansk yen (2022)[1]
Nettstadhttps://global.honda (engelsk), http://www.honda.co.uk/ (engelsk)
Honda Civic, 2023-modell

Historie endre

Honda vart stifta i 1948 av Soichiro Honda, og har hovudkvarteret sitt i Tokyo. Soichiro Honda hadde tidlegare produsert stempelringar for den japanske marknaden.

I 1981 opna Honda produksjonsanlegg utanfor Japan. I USA produserte og selde dei dyrare modellar under namnet Acura frå 1986. I Storbritannia gjekk bilane først under Triumph-merket, sidan som Rover. Samarbeidet med Rover førte også til at Land Rover Discovery i ei periode vart seld i Japan som Honda Crossroad.

Motorsport endre

 
Honda RA272 frå 1965 var den første Honda-bilen som vann i formel 1

Honda har i mange år levert motorar til Formel 1, blant anna til Williams, McLaren og BAR-laget i 2000. I 2005 kjøpte Honda opp BAR-laget 100% og som Honda Racing F1 driv no Honda formel 1 også som konstruktør, noko bilprodusenten og gjorde ei kort tid mellom åra 1964–1968.

Honda driv og med sykkelsport som MotoGP og motocross.

I Noreg endre

Hanne Skotvedt, som er dotter av bilimportøren Oscar Skotvedt, starta firmaet Hasco (seinare Hasco Norge AS) i april 1970 for å ta inn Honda N600.

På slutten av 1990 talet skifta Hasco Norge namn til Skotvedt AS og beheldt Honda-importen ut 2000. Då tok Honda Motor Europe Ltd. Norge over, eit dotterselskap av Honda.

Sjå og endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Honda