Sekstant er eit vinkelmålingsinstrument til å mæla vinkelen mellom ein himmellekam, vanlegvis sola, og horisonten. Saman med astronomiske tabellar og ei nøyaktig klokke kan ein no avgjera breiddegraden. Utan nøyaktig klokke, må ein avgjera middagshøgda, den høgaste stillinga til sola på himmelen ved gjentekne målingar og samanlikna med tabellane.

Skjematisk teikning av sekstant med engelske namn
Sekstant

Med tabellar i kombinasjon med ei nøyaktig klokke kan ein òg avgjera lengdgraden sin.

Instrumentet vert nytta av navigatørar innan sjø- og luftfart til stadavgjerd. Med dagens satellittnavigasjonssystem, som GPS og andre, vert sekstanten stadig mindre brukt. Dei fleste langturseglarar vil likevel ha det ombord som ei reserveløysing. Minisekstant har òg vorte brukt for navigasjon over Grønlandsisen. For å skaffa ein «horisont» vart det brukt eit beger med kvikksølv som dannar ein vassrett spegel. Ein siktar mot spegelen og må etterpå halvera den mælte høgda.[1] I realiten har ein ikkje lenger nokon horisont, men to bilete av sola, eitt direkte mot sola og eitt mot spegelbiletet til sola som ligg i same vinkel under horisonten som den verkelege sola ligg over.

Sekstanten, som vert meint teke i bruk i 1767, er ei vidareutvikling av oktanten, som ein meiner vart oppfunnen av engelskmannen John Hadley i 1731.

Omtrent samstundes kom amerikanaren Thomas Godfrey med ei tilsvarande oppfinning.

Instrumentet er innretta slik at det kan haldast i handa utan stativ, noko som er naudsynt både ombord i skip og i luftfartøy.

Illustrasjon av bruk av sekstant. 1. Sikt på horisonten. 2. Lås opp arm. 3. Drei slik at sola er i linje med horisonten. 4. Les av gradane. 5. Rekn ut posisjon.

Sekstanten består av ei ramme på 60 gradar (ein sjettedel av ei sirkelskive), og er forsynt med ein gradinndelt skala) med nonius, og dessutan ein bevegeleg radial arm, (alhidaden) med ein spegel og ved limbus ei rute med avlesningsmerke. Nyare sekstantar har finavlesninga ved hjelp av mikrometerskrue i staden for nonius. Denne er gradert direkte i vinkelminutt og ein brukar då ofte nemninga «trommelsekstant». Dessutan er det på rama montert ein fast spegel, optisk tilbehøyr og farga glas til å verna mot sollyset.

Kjelder endre

  1. Bob Graham:The Artificial Horizon, 2002

Bakgrunnsstoff endre