Selenografi er kartlegging og skildring av overflata til månen.

Kart over krater rundt nordpolen av månen frå NASA.

Historisk arbeidde selenografar med kartlegging og namngjeving av månehav, krater, fjellkjeder og andre detaljar. Denne oppgåva var stort sett ferdig då høgoppløyselege bilete av nære og fjerne sida av månen vart teken av romfartøy i bane rundt månen. Likevel er det somme regionar av månen som er dårleg kartlagt (særleg nær polane), og den nøyaktige plasseringa til mange detaljar (som kraterdjupner) er uvisse med fleire kilometer. I dag er selenografi eit felt under selenologi.

Kjelder endre