Celledeling
(Omdirigert frå Selledeling)
Celledeling er ein prosess der ei celle deler seg og blir til to. I eukaryote celler skil me mellom mitose (vanleg celledeling) og meiose (reduksjonsdeling), der cellene skapte gjennom delinga har halvparten så mange kromosom som morcella, og er blitt til kjønnsceller. Prokaryote og nokre eukaryote celler kan også utføre todeling som skil seg frå mitose.