Semjon Novgorodov
(Omdirigert frå Semjon Andrejevitsj Novgorodov)
Semjon Andrejevitsj Novgorodov (13. februar 1892–28. februar 1924) var ein jakutisk politikar og lingvist. Han er mest kjend for å ha utarbeidd eit skriftspråk for jakutisk.
Semjon Novgorodov | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Sovjetunionen |
Fødd | 13. februar 1892 Churapchinsky District |
Død |
28. februar 1924 (32 år) |
Yrke | lingvist, skribent, politikar |
Semjon Novgorodov på Commons |
Som student i St. Petersburg eksperimenterte Novgorod med mange ulike skriftsystem, før han oppdaga det internasjonale fonetiske alfabetet, og argumenterte for å ta det i bruk for jakutisk.