Sakha
(Omdirigert frå Jakutia)
- «Jakutia» omdirigerer hit. For språket med same namn, sjå språket sakha. For talarane, sjå jakutar.
Sakha, tidlegare Jakutia,[a] er ein republikk i Russland og det største av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen i areal. Hovudstaden er Jakutsk, arealet er 3 083 523 km² og innbyggjartalet 981 971 (2021).
Sakha | |||
Саха Якутия | |||
republikk | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Den fjernøstlige føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Jakutsk | ||
Areal | 3 083 523 km² | ||
Folketal | 1 001 664 (2024) | ||
Språk | russisk, jakutisk | ||
Tidssone | MSK +6, +7, +8 | ||
ISO 3166-2 kode | RU-SA | ||
Bilnummer | 14 | ||
Sakha 66°24′00″N 129°10′00″E / 66.4°N 129.16666666667°E | |||
Kart over Sakha.
| |||
Wikimedia Commons: Sakha Republic |
Folkesetnad
endreDen einaste større byen er Jakutsk med 269 600 ibuarar.[1]
Det største folkeslaget i Sakha er urfolket jakutarane, eit tyrkisk folkeslag. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]
- Jakutarar: 48,7 %
- Russarar: 36,9 %
- Evenkar: 2,2 %
- Ukrainarar: 2,1 %
- Evenar: 1,6 %
Mindre urfolksgrupper utgjer dolganarar (1906 – 0,2 %) og jukagirar (1281 – 0,1 %).
Andelen jakutarar har auka sidan oppløysinga av Sovjetunionen, frå 33,4 % ved folketeljinga i 1989, samstundes som andelen russarar har gått ned frå 50,3 %.
Merknader
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010