Semois
Semois (fransk Semoy, tysk Sesbach, vallonsk: Simwès) er ei elv i Belgia og Frankrike, og ei av sideelvene til Maas frå høgre. Ho har sitt utspring i Arlon, i den belgiske provinsen Luxembourg, nær grensa til staten Luxembourg. Semois renn stort sett vestover, og kryssar grensa til Frankrike 26 km før ho munnar ut i Maas i byen Monthermé. Den totale lengda hennar er 210 km. Byar langs Semois er Chiny, Florenville, Herbeumont, Bouillon (inkludert Dohan og Poupehan) og Vresse-sur-Semois med Bohan sur Semois som den mest kjende landsbyen.
Semois | |||
elv | |||
Kajakkar på Semois
| |||
Land | Belgia, Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 329 km² | ||
Lengd | 210 km | ||
Middelvassføring | 26 m³/s | ||
Kjelde | Ardennane | ||
• høgd | 410 moh. | ||
Munning | Maas | ||
Semois 49°40′54″N 5°49′13″E / 49.681766666667°N 5.8203°E | |||
Wikimedia Commons: Semois |
Namnet kjem frå det germanske ordet sach, som tyder punkt og mari som tyder vatn. Namnet vart skrive som Sesomirs i 664, Sesmarus i 950, Sesmoys i 1104 og Semoir i 1244.
Elva har òg gjeve namn til ein tobakk som veks i området.
Kjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Semois frå Engelsk Wikipedia .