Sengemat er mat som kvinner får etter dei har født. Nabokoner, slektningar og andre kvinner kan koma til dei med god og næringsrik kost. Andre norske namn for denne kosten er barselgraut, barnsenggraut, barnsengmat og nornegraut.

Grautkjerringer av Th. Kittelsen.

Ein vanleg kantonesisk sengematrett er ei stuing av svineknoklar med ingefær og egg kokt i søt, svart eddik (kinesisk skrift 豬腳薑, pinyin zhū jiǎo jiāng, kantonesisk Yale jyū geuk gēung). Retten skal tilføra mora nødvendige næringsstoff som proteinar og kalsium.[1]

Noreg

endre

Vanleg sengemat i norsk kultur har vore rjomegraut, sosekjøt eller andre kjøtrettar, kaffi og kaker. Ideen bak sengematen var å hjelpe kvinna til å kome til krefter etter fødsel slik at ho kunne ha mjølk til ungen.

Storbritannia

endre
 
Illustrasjon av Richard Dagley til diktet «Taking caudle»av Thomas Gaspey.

I Storbritannia kunne ein gje caudle eller caudel, ein varm drikk eller velling som kunne vera laga av korn, sukker eller honning, egg, ulike krydder og eventuelt mandlar, rosiner eller mjølk. Retten inneheldt ofte også alkohol, som vin. Caudle blei gjeve både til nybakte mødrer og folk som vitja dei, og uttrykka cake and caudel eller taking caudle blei metonym for å vitja nokon som låg i barsel. Desse var ofte høve der berre kvinner var til stades. I 1821 skreiv Thomas Gaspey eit dikt om skikken:

'Twas then Eliza, though now Mrs T.
We ought to call her, gave her lord an heir,
And all her female friends, the babe to see
And praise its beauty, failed not to repair;
But half what they to utter there thought meet,
While taking caudle, I must not repeat.

Kjelder

endre
  1. Kaluza, Susanne (13. april 2018), «Barselgrøten som forsvant», morgenbladet.no (på norsk bokmål), henta 18. desember 2019 

  Denne matartikkelen som har med kultur å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.