Opna hovudmenyen
Hànzì 'kinesisk(e) teikn' skrivne med tradisjonelle teikn (til venstre) og forenkla teikn (til høgre).
Kinesisk kalligrafi.

Hanzi (汉字 / 漢字, pinyin hànzì) er det kinesiske namnet på det kinesiske teiknsettet. Med tonar vert det hànzì. Det finst i to former, ei forenkla form (jamfør 汉字 hànzì) som vert brukt i mesteparten av Kina og i Singapore, og ei tradisjonell form (jamfør 漢字 hànzì) som vert nytta på Taiwan og i Hong Kong.

I Sør-Korea, der dei vert kalla 한자 / 漢字 hanja, vert mange av dei same teikna som i den tradisjonelle kinesiske forma nytta som eit supplement til det koreanske alfabetet hangul, koreansk 한굴 hangeul. I Nord-Korea vart 한자 / 漢字 hanja avskaffa i 1949, og ein nyttar berre det koreanske alfabetet, som her vert kalla 조선글 joseongeul. I Japan nyttar ein eit eige sett av teikn som vert kalla 漢字 kanji, der mange av dei tradisjonelle teikna er forenkla, men ikkje alltid dei same som i Kina. Teikna vart før òg nytta for å skrive vietnamesisk, og på dette språket heiter dei Hán tự ( 漢字), chữ Hán (𡨸漢), chữ Nho (𡨸儒) og chữ Trung Quốc (𡨸中國).

Innhaldsliste

StrukturEndra

Kinesiske skriftteikn kan delast i seks grupper[1]; uttalen som er oppgjeven, er den vi finn i standard mandarin:

  1. 象形 Xiàngxíng eller piktografiske teikn, som opphavleg var teikningar av naturlege objekt, til dømes 山 shān ‘fjell', 人 rén ‘menneske’, 女 ‘kvinne’, 子 ‘barn’, 日 ‘sol, dag’ og 口 kǒu ‘munn, opning’. Jamfør tabellen nedanfor.
  2. 指事 Zhǐshì eller Enkle ideografiske teikn, som gjev att abstrakte omgrep, til dømes talorda 一 'éin', 二 èr 'to' og 三 sān 'tre'.
  3. 會意 Huìyì eller komplekse ideografiske teikn, der tydinga heng saman med relasjonen mellom delane, til dømes 好 hǎo ‘vere god’, som er samansett av 女 ‘kvinne’ og 子 ‘barn’. Eit anna døme er 昌 chāng ‘klår, skinande’, som er sett saman av to soler, jf. 日 ‘sol, dag’.
  4. 假借 Jiǎjiè eller fonetiske lån eller rebusteikn, der eit teikn blir nytta for å skrive eit morfem med liknande eller identisk uttale. Teiknet 來 lái er eigentleg eit piktografisk teikn med tydinga ‘kveite (korn)’, men det vert òg nytta for å skrive verbet lái ‘kome’.
  5. 形聲 Xíngshēng eller semantisk‐fonetiske kompositum, som er teikn med to komponentar, ein radikal og eit fonetikum. Radikalen (også kalla klassifikator) gjev ein indikasjon om tydinga, medan fonetikumet gjev ein indikasjon om uttalen. Eit døme er verbet 唱 chàng ‘syngje’. Radikalen er 口 kǒu ‘munn, opning’, som fortel noko om tydinga: ein syng med munnen. Fonetikumet er 昌 chāng ‘klår, skinande’, som har ein uttale som ligg nær chàng ‘syngje’. 昌 chāng ‘klår, skinande’ finst som fonetikum i ei lang rekkje teikn, til dømes også i 倡 chàng ‘leiar, førar’, med radikalen 人 rén ‘menneske’, og 娼 chàng ‘prostituert’, med radikalen 女 ‘kvinne’.
  6. 轉注 Zhuǎnzhù eller gjensidig forklårande teikn, eller teikn som blir nytta for fleire morfem med forskjellig uttale men skyld tyding. Det komplekse ideografiske teiknet 樂 yuè ‘musikk’ blei òg teke i bruk for å skrive morfemet ‘glede’.

Teikntypane 1, 2, 3 og 6 er reint tydingsbaserte, medan teikntypane 4 og 5 også er lydbaserte. Noko over 90% av alle kinesiske skriftteikn høyrer til type 5, semantisk‐fonetiske kompositum. Semantisk-fonetiske kompositum – eller nærskylde prinsipp – er òg kjende frå andre skriftsystem, som sumerisk kileskrift, egyptiske hieroglyfar og mayahieroglyfar.

Tabellen viser døme på piktografiske teikn, i eldre og moderne form. Når det ikkje er nokon skilnad på moderne tradisjonelle og moderne forenkla, er teikna berre tekne med i kolonnen for tradisjonelle.

Arkaiske Seglskrift Moderne tradisjonelle Moderne forenkla Uttale Tyding
    rén menneske
    kvinne
    barn
    sol; dag
    yuè måne; månad
    shān fjell
    chuān elv
    shuǐ vatn
    regn
    zhú bambus
    tre
    hest
    niǎo fugl
    guī skjelpadde
    lóng drake

RadikalarEndra

  1. 一 丨 丶 丿 乙 亅
  2. 二 亠 人 儿 入 八 冂 冖 冫 几 凵 刀 力 勹 匕 匚 匸 十 卜 卩 厂 厶 又
  3. 口 囗 土 士 夂 夊 夕 大 女 子 宀 寸 小 尢 尸 屮 山 巛 工 己 巾 干 幺 广 廴 廾 弋 弓 彐 彡 彳
  4. 心 戈 戶 手 支 攴 文 斗 斤 方 无 日 曰 月 木 欠 止 歹 殳 毋 比 毛 氏 气 水 火 爪 父 爻 爿 片 牙 牛 犬
  5. 玄 玉 瓜 瓦 甘 生 用 田 疋 疒 癶 白 皮 皿 目 矛 矢 石 示 禸 禾 穴 立
  6. 竹 米 糸 缶 网 羊 羽 老 而 耒 耳 聿 肉 臣 自 至 臼 舌 舛 舟 艮 色 艸 虍 虫 血 行 衣 襾
  7. 見 角 言 谷 豆 豕 豸 貝 赤 走 足 身 車 辛 辰 辵 邑 酉 釆 里
  8. 金 長 門 阜 隶 隹 雨 青 非
  9. 面 革 韋 韭 音 頁 風 飛 食 首 香
  10. 馬 骨 高 髟 鬥 鬯 鬲 鬼
  11. 魚 鳥 鹵 鹿 麥 麻
  12. 黄 黍 黑 黹
  13. 黽 鼎 鼓 鼠
  14. 鼻 齊
  15. 龍 龜

FotnotarEndra

  1. Jamfør til dømes The Blackwell Encyclopedia of Writing Systems av Florian Coulmas.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hanzi