Sennep
Sennep viser hovudsakleg til frø av ulike plantar i krossblomfamilien og matprodukt av desse frøa. Sennep kan brukast på ulike måtar, som heile frø, mole til pulver og blanda til sausar eller smakstilsetjing.
Kvit sennep blir laga av kvitsennep (Sinapis alba) medan svart sennep blir laga av svartsennep (Brassica nigra). Vidare kan ein laga sareptasennep av Brassica juncea og salatsennep av rucolasalat. Levantisk sennep får ein av Cleome-arta, som høyrer til kapersfamilien.
Kjelder
endre- «Sennep» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 9. november 2013.