Kukri Hills
(Omdirigert frå Sentinel Peak i Antarktis)
Kukri Hills er ei markant fjellkjede som går kring 5 nautiske mil frå aust til vest med ei høgd på over 2000 moh, forming skiljet mellom Ferrarbreen i sør og Taylorbreen og Taylor Valley i nord i Victoria Land i Antarktis.[1]
Kukri Hills | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
• høgd | 2 000 moh. | ||
- koordinatar | 77°44′S 162°42′E / 77.733°S 162.700°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Kukri Hills 77°44′00″S 162°42′00″E / 77.7333°S 162.7°E | |||
Åsane vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen (1901–04) og truleg fekk dette namnet fordi forma minna om ein kukri, ein gurkha-kniv.[1]
Fjell i rekkja
endre- Mount Barnes er eit fjell, 985 moh, som ragar over den vestlege og sentrale sida av New Harbour og markerer austenden av Kukri Hills. Det vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen, 1901–04, under Scott og kalla New Harbour Heights. Det fekk det nye namnet Mount Barnes etter ein kanadisk isfysikar av den andre ekspedisjonen til Scott, Terra Nova-ekspedisjonen, 1910-13.[2]
- Mount Brearley er eit spisst fjell, 2010 moh, som er den vestlegaste fjelltoppen i Kukri Hills. Det vart namngjeve av den vestlege gruppa, leia av Thomas Griffith Taylor, under den britiske antarktisekspeidsjonen, 1910-13.[3]
- Sentinel Peak er eit kjenneleg, spisst fjell på over 2 000 moh, som ligg ved nordsida av Ferrarbreen og dannar det høgaste punktet sør i sentrale delar av Kukri Hills. Det vart oppdaga og namngjeve av Discovery-ekspedisjonen 1901-04 under Scott.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kukri Hills» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Kukri Hills». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 27. februar 2013.
- ↑ «Mount Barnes». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 26. februar 2013.
- ↑ «Mount Brearley». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013.
- ↑ «Sentinel Peak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Kukri Hills» (innhald frå Geographic Names Information System).