Elverum stadion

(Omdirigert frå Sentralidrettsplassen)

Elverum stadion (kalla Sentralidrettsplassen fram til 2013) er ein fotballstadion og ein idrettsplass i sentrum av Elverum. Banen har vore heimebanen til Elverum sidan opninga i 1950.

Elverum stadion
Adresse Elverum Fotball
2403 Elverum
Brukarar Elverum Fotball (fotball)
Underlag Kunstgras
Kapasitet ca. 2000
Historiske årstal
Påbegynt
Opna
1950
Stengd

Etter årevis med slitasje og avgrensa bruk vart det starta innsamling til kunstgrasdekke, og arbeidet starta hausten 2006. Etter at kunstgrasdekket vart fullført 3. juni 2007, har banen blitt tilgjengelig òg for lag frå ungdomsavdelinga. På vestsida av banen er det òg ein 5-ar-bane, òg med kunstdekke rekna for oppvarming.

Publikumsrekorden er 4 633, og vart sett 1. september 1991 i lokalderbyet mot Hamarkameratene. Elverum tapte 3–0.

Kjelder

endre