Elverum Fotball er eit norsk fotballag frå Elverum. Det vart stifta på Leirets Cafè 30. juni 1907 under namnet Elverum Footballklub.[1] Laget er ein del av Elverum Idrettslag. A-laget spelar i 3. divisjon avdeling 1 (2020).

Elverum
Fullt namnElverum Fotball
KallenamnElverum
Grunnlagd1907
HeimebaneElverum stadion
StyreleiarPer-Gunnar Sveen
HovudtrenarKevin Knappen
Liga3. divisjon fotball for herrar
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Den første kampen vart spelt mot Lærerskolen den 6. oktober 1907, ein kamp Lærerskolen vann 1-0. Elverum vart i 1909 meldt inn i NFF, og klubben byrja å spele i kretsserie, og veksla mellom ulike fotballkrinsar. Elverum var lenge eit av dei beste laga i Hedmark, og i 1992 kom dei på femteplass i 1. divisjon. Laget har rykte opp til og ned frå 2. divisjon ofte. Nedrykk i 2000, 2002 og 2004, og opprykk i 2001 og 2003. I 2005 vann dei 3. divisjon, avdeling 5, og møtte Korsvoll i kvalifiseringa. Etter å ha vunne borte vart Elverum slått på heimebane og spelte òg 2006-sesongen i 3. divisjon. I 2006 vann dei avdelinga igjen, men tapte i kvalifiseringa mot Mjøndalen. I dei påfølgjande tre åra har ein kjempa om seriemeisterskapen, men ikkje nådd opp til kvalifiseringsspel om opprykk. I 2010 sesongen rykte Elverum opp til 2 divisjon, og i 2011 sesongen enda dei på fjerdeplass etter ein sterk sesong. I 2012 rykte laget opp til Adeccoligaen. Sist gong Elverum var i nest øvste nivå var i 1996.

Elverum Fotball arrangerer i juni kvart år Elverumsturneringen, ei av dei største fotballturneringane i Noreg, som vart arrangert for første gong i 1977. I 2007, 30 år etter, var det 264 påmeldte lag.[2]

Statistikk endre

  • Publikumsrekord: 4 633 mot Ham-Kam i 1991.
  • Beste plassering i serien: femteplass i 1. divisjon i 1992.
  • Beste resultat i NM: 3. runde- 1991 og 1994
  • Største heimesiger: 12-0 Nordre Trysil (1952) og 12-0 Lom (2001)

Kjende spelarar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre