Ei sentralkyrkje er ei kyrkjeform med sentralplan, altså eit grunnplan som er symmetrisk til alle sider omkring eit midtpunkt eller eit sentralt midtrom.[1][2] Desse kan vere sirkulære, kvadratiske, oktogonale (åttekanta) eller liknande. Ein rotunde har også sentralplan. Kor, apsider inngangsparti (våpenhus) kan vere integrert, men er ofte i tilbygg som bryt med symmetrien i grunnplanet.[2] Toman nemner det sentrale grunnplanet som ein av to hovudtypar, den andre er «langhusplanet» der basilika og langkyrkje er to viktiga variantar.[2]

Grunnplan for ulike sentralkyrkjer (1-4), samanlikna med grunnplan for langstrakt katedral (5). (1) rotunde, (2) gresk kross, (3) åttekant, (4) kløverbladform med tre apsider.
Den bysantinske Basilica di San Vitale i Ravenna
Voxtorp kyrkje har skip forma som rotunde.

Dømer på sentralkyrkjer er San Vitale i Ravenna og Trefoldighetskyrkja i Oslo i Oslo. Dei svenske rundkyrkjene har ofte form som sentralkyrkjer, til dømes Voxtorp kyrkje. Hagia Sofia er mellom dei mest kjende sentralkyrkjene sjølv om hovudskipet har ei litt avlang form, etter den ottomanske erobringa av Istanbul vart den omgjort til moske og stilelement vart overført til moskeane oppført i Istanbul. Også andre ikkje-kristne byggverk, som Pantheon i Roma, har ein del av sentralkyrkjenes karakteristiske drag. Sentralkyrkjeforma er særleg vanleg i Austeuropa og innanfor den ortodokse kyrkja.[2]

Korskuppelkyrkje blir og rekna som ei sentralkyrkje. I Noreg er det mange åttekanta, eller oktogonale, kyrkjer, den eldste er Hospitalskyrkja i Trondheim. Blant dei største er Sør-Fron kyrkje og Støren kyrkje. Typisk for åttekantkyrkja er at tårnhuset er plassert midt over skipet som i Hospitalskyrkja og dei kyrkjene som tok modell av denne mellom anna Dolstad kyrkje og Norddal kyrkje. Det er samstundes fleire åttekantkyrkjer med forlenga akse og med tårnet plassert på tradisjonelt vis i vest (til dømes Røros kyrkje og Tynset kyrkje). Åttekantkyrkja er ei vidareutvikling av sentralkyrkjeideen ved at kyrkjelyden er samla i eitt rom omkring alteret.[3]

Det finst og kombinasjonsformer mellom sentralkyrkje, langkyrkje og krosskyrkje. Langskipet er då relativt kort og korsarmane enda kortare og med avrunda hjørne slik at det sentrale rommet i krysset blir vida ut og får form nesten som ei sentralkyrkje, til dømes Sagene kyrkje.

Kjelder endre

  1. Store Norske Leksikon: Sentralkirke lese 28. april 2013.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Toman, Ralf (2000): Romansk kunst: arkitektur, skulptur, malerkunst. Köln: Könemann (dansk omsetjing).
  3. Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen, årgang 145, s. 177-194.