Dolstad kyrkje
Dolstad kyrkje er ei kyrkje i Dolstad sokn i Vefsn kommune. Den kyrkja som står no, er ei åttekanta kyrkje med fire krossarmar, lafta i tømmer i 1735. Byggmester Nils Pederson Bech frå Trondheim leia bygginga av kyrkja etter mønster av Bakke kyrkje i Trondheim.[1] Kyrkja er bygd ved Dolstad prestegard utanfor Mosjøen.
Dolstad kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Vefsn | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Sør-Hålogaland | ||
Prosti | Indre Helgeland | ||
Sokn | Dolstad | ||
Fellesråd | Vefsn | ||
Type | åttekanta krosskyrkje | ||
Arkitekt | Bygmester Nils Pedersen Bech | ||
Teknikk | lafta | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 9. søndag etter trinitas (7. august) 1735 | ||
• Vigd til | Den gamle kyrkja var vigd til St. Mikael | ||
• Endringar | sist vølt om 1975/76 | ||
Kyrkjegard | ved Dolstad, i Mosjøen og i Vistvågan | ||
Døypefont | dåpsengel, sjå bilete | ||
Altartavle | måla av Eilert Balle Lund 1856 | ||
Orgel | Marcussen & søn (2010), 29 stemmer | ||
Sitjeplassar | ca. 500 | ||
Dolstad kyrkje 65°50′40″N 13°12′14″E / 65.8445°N 13.204°E | |||
Wikimedia Commons: Dolstad kirke |
Det er sagt at kyrkja skal ha 700 sitjeplassar, men ut frå dagens krav til branntryggleik og komfort er det rettare å seie at kyrkja har plass til om lag 500 menneske. Det har stått minst to kyrkjer på Dolstad tidlegare. Den første var bygd i katolsk tid, kanskje så tidleg som på 1100-talet, og vigd til erkeengelen Mikael. Den eine kyrkjeklokka vitnar om dette med innskrifta «STE MIHAELS KIERKE I WEFSEN».[2]
Dolstad kyrkje fekk sitt første orgel i 1846. I 1920 vart dette orgelet bytt ut med eit nytt og større orgel, mens det gamle vart flytta til Drevja kyrkje. Det nye orgelet stod ikkje så lenge. Det skal ha fått hard medfart under krigen, da kyrkja vart brukt til transittmottak under evakueringa av Finnmark og sidan til å internere russiske krigsfangar. Alt tidleg i 1960-åra vart det bytt ut. Dette orgelet vart heller ikkje ståande lenge, plasseringa og klangen var ikkje heldig. I 2010 vart eit nytt orgel tatt i bruk, bygd med inspirasjon frå det første kyrkjeorgelet, det som no står i Drevja, og den øvrige arkitekturen i Dolstad kyrke.
På 1850-talet vart kyrkja oppmalt og det vart sett opp ein himling over kyrkjeskipet. I 1899 vart det sett inn nye, store vindauge i staden for dei små gamle med farga glas.[3] Samstundes vart dei gamle kyrkjestolane med dører i fjerna; kyrkja fekk i staden nye benker. Dørene i dei gamle benkene står i dag som brystpanel i koret.
Dolstad kyrkje vart vølt om i 1975/76, med sikte på å gje kyrkja 1700-talspreget attende. Målinga vart skrapa av takborda og tømmerveggane, preikestolen vart senka og benkane vart skifta ut.[4] Himlingen over midtskipet vart teke ned. Vinteren 2007 vart borda i himlingen sette opp att, dels av omsyn til varmeisolasjon, dels av omsyn til akustikken.
Etter at spiret knekte under ein storm vinteren 2011,[5] vart det på nytt sett i gang eit stort ombyggingsarbeid. 2012/13 var kyrkja stengd i 8 månader mens taket vart omtekt, det vart sett opp nytt spir med ny vindfløy, og det vart grav ut nye kjellarrom under kyrkja. Inne i kyrkja vart taket oppmåla, og det vart lagt inn vassboren fjernvarme. Det elektiske anlegget vart fornya. Altarmåleria vart reinsa og reparerte.
Til Dolstad kyrkje ligg Dolstad kyrkjegard. Soknet brukar også Mosjøen kyrkjegard 500 m sør for kyrkja og Vestvågan kyrkjegard lengst vest i kommunen, i det som før var Tjøtta sokn.
Referansar
endreKjelder og bakgrunn
endre- Far etter Fedrane 1999: Jan Biering-Strand: Den første kirken på Dolstad
- Jacobsen, Kjell (1985). Dolstad kirke 250 år, 1735-1985. Vefsn menighetsråd. ISBN 8290349041.
- Kyrkjene i Vefsn
- Mikael Jakobsen (1935). Dolstad kirke : 1735-1935. Dolstad menighetsråd.
- Om Dolstad kyrkje i Kyrkjebyggdatabasen[daud lenkje]
- Eldre fotografi av kyrkja på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Altarmåleria i Dolstadkyrkja
- Dolstad kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren