Serchio er den tredje lengste elva i Toscana i Italia med ei lengd på 126 km. I antikken vart elva kalla Ausar. Ut i frå vassføring er ho den nest største, etter Arno.

Serchio
elv
Elva ved Bagni di Lucca
Land  Italia
Nedslagsfelt 1 525 km²
Lengd 126 km
Middelvassføring 46 /s
Kjelde Monte Sillano
 - høgd om lag 1 500 moh.
Munning Liguriahavet
Kart
Serchio
44°16′15″N 10°19′47″E / 44.2708°N 10.3297°E / 44.2708; 10.3297
Wikimedia Commons: Serchio

Hovudkjelda til elva er i fjellsida til Monte Sillano (1 864 moh) og ho mottar ei anna grein, Serchio di Gramolazzo ved Piazza al Serchio.

Elva kryssa så Garfagnana frå nord til sør, frå Sillano til ein stad forbi Castelnuovo di Garfagnana. Frp her renn ho gjennom Mediadalen ved kommunen Barga og kryssar Borgo a Mozzano-området. Denne delen av elva er demma opp fleire stader og ho mottar siddelvane Edron, Tùrrite Secca, Tùrrite di Gallicano, Turrite Cava og Pedogna frå høgre og frå venstre Fiume, Castiglione, Sillico og Lima. Sistnemnde, som har utspring høgt i Appenninane, er den viktigaste sideelva med ei middelvassføring på meir enn 20 m³/s.

Etter elva renn ut på Luccasletta, der ho mottar Freddana, snur Serchio vestover og kryssar Filettole og renn inn i provinsen Pisa. Her renn ho gjennom kommunane San Giuliano Terme og Vecchiano før ho munnar ut i Liguriahavet eit par kilometer nord for Pisa.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre