Serdar Berdimuhamedow
Serdar Gurbangulyýewiç Berdimuhamedow (fødd 22. september 1981) er ein turkmensk politikar som sidan 19. mars 2022 har vore president i Turkmenistan. Han er sonen av den tidlegare presidenten Gurbanguly Berdimuhamedow og har hatt fleire ministerpostar i regjeringa hans.[1]
Serdar Berdimuhamedow | |||
| |||
Fødd | 22. september 1981 (43 år) Asjkhabad | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Turkmenistan | ||
Yrke | politikar, diplomat | ||
Utdanna ved | Turkmen Agricultural University Named After S.A. Nyýazow Det russiske utenriksdepartements diplomatakademi Geneva Centre for Security Policy | ||
Mor | Ogulgerek Berdimuhamedowa | ||
Far | Gurbanguly Berdimuhammedow | ||
Alle verv |
I 2021 blei Berdimuhamedow utnemnd til ein (av fleire) visestatsministrar. Ved presidentvalet i 2022 fekk han 73 % av røystene og etterfølgde dimed hans far, som hadde denne posten i femten år. Valet blei av fleire internasjonale observatørar rekna som ikkje fritt og uavhengig.[2][3] Han representerer Det demokratiske partiet i Turkmenistan.
Biografi
endreSerdar Berdimuhamedow blei fødd 22. september 1981 i hovudstaden Asjkhabad.[4] Han er utdanna teknologiingeniør frå Turkmen Agricultural University (2001).[5] Etter to års militærteneste jobba han frå 2003 til 2008 innan matvareindustrien.[5]
Frå 2008 til 2011 studerte Berdimuhamedow ved det diplomatiske akademiet ved utanriksdepartementet og tok diplomeksamen i internasjonal politikk. I perioden var han også ambassaderåd ved den turkmenske ambassaden i Moskva.[5] Frå 2011 til 2013 studerte han internasjonal sikkerheitspolitikk i Genève samstundes som han var ambassaderåd ved den turkmenske SN-ambassaden i Genève.[5][6] I 2014 var han tilbake i Turkmenistan der han forsvarte ei avhandling ved Det turkmenske vitskapsakademiet.[7] Han fekk doktorgraden sin i juli 2015.[8]
Politisk karriere
endreI november 2016 blei Berdimuhamedow vald inn i den turkmenske nasjonalforsamlinga (Mejlis) som representant for det 25. distrikt med sentrum i Dushak i det sørlege Turkmenistan.[9][10] Ved parlamentsvalet i mars 2018 blei han attvald til Mejlis med over 90 % av røystene.[11]
Berdimuhamedow steig i det politiske hierarkiet i Turkmenistan då han i mars 2018 blei utnemnd til viseutanriksminister.[12] I januar 2019 gjekk han over i stillinga som viseguvernør i Ahal-provinsen. Denne provinsen er eit tyngdepunkt for den turkmenske eliten.[13] Frå juni 2019 var han guvernør i denne provinsen.
I februar 2020 blei Berdimuhamedow utnemnd til industriminister.[14]
Den 11. februar 2021 steig han vidare i gradene då han blei viseformann for ministerkabinettet, tok sete i det statlege sikkerheitsrådet, og blei leiar for kontrollkomiteen.[15]
Den 9. juli 2021 blei Berdimuhamedow løyst frå verva sine i det statlege sikkerheitsrådet og kontrollkomiteen, men fekk som viseformann for ministerkabinettet utvida ansvar for økonomi og finanssaker.[16]
Presidentperioden
endreBerdimuhamedow stadfesta i februar 2022 at han stilte som presidentkandidat ved valet 12. mars 2022 og at han dimed ønskte å bli etterfølgjaren til faren sin.[17] Han vann valet og fekk 72,97 % av røystene.[18] Valet blei av internasjonale observatørar betrakta som ikkje fritt og uavhengig.[2]
Berdimuhamedow blei tatt i eid som president 19. mars 2022.[19] Den 25. mars presenterte han regjeringa si, som var uforandra i forhold til føregjengaren bortsett frå at hans eigen regjeringsposisjon var erstatta av Muhammetguly Muhammedow.
Utanrikspolitisk markerte Berdimuhamedow seg ved at han same dag som innsetjinga mottok akkreditiv frå Fazal Muhammad Sabir og at han dimed blei det fyrste landet i Sentral-Asia som hadde diplomatisk kontakt med Taliban-regimet i Afghanistan.[20] Ram Nath Kovind, dåverande president i India, kom på statsbesøk til Turkmenistan 1. til 4. april 2022. Det var fyrste gongen ein indisk president vitja landet, og det var det fyrste utanlandske statsoverhovudet som blei mottatt av Berdimuhamedow. Dei to diskuterte handel- og energipolitisk samarbeid.[21] Hans fyrste utanlandsbesøk gjekk til Saudi-Arabia 1. til 2. juni 2022.[22]
I løpet av april 2022 gjorde Berdimuhamedow nokre mindre endringar i regjeringssamansetjinga.[23]
Familie
endreBerdimuhamedow er gift og har fire barn.[5]
Kjelder
endre- ↑ I Turkmenistan er presidenten også regjeringssjef. Landet har ingen statsminister.
- ↑ 2,0 2,1 «As Expected, Son Of Turkmen Leader Easily Wins Election In Familial Transfer Of Power». RadioFreeEurope/RadioLiberty. 15. mars 2022.
- ↑ «Turkmenistan: Autocrat president's son claims landslide win | DW | 15.03.2022». Deutsche Welle.
- ↑ «Сердар Бердымухамедов: Все известные факты биографии в одном месте» (på russisk). Turkmen.News. 17. februar 2022.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 «Газета НТ опубликовала биографию кандидата в депутаты Меджлиса Сердара Бердымухамедова» (på russisk). Хроника Туркменистана. 14. mars 2018.
- ↑ «Сердар Бердымухамедов получил пост заместителя хякима Ахалского велаята» (på russisk). SNG.TODAY. 3. januar 2019.
- ↑ «Младший Бердымухамедов стал кандидатом наук» (på russisk). Хроника Туркменистана. 20. oktober 2014.
- ↑ «Восхождение Сердара» (på russisk). Хроника Туркменистана. 30. mars 2018. Arkivert frå originalen 18. mai 2020. Henta 25 June 2020.
- ↑ «Turkmenistan President's Son Takes Post As Parliamentary Deputy». Radio Free Europe/Radio Liberty. 3. juni 2018.
- ↑ «Сын президента Бердымухамедова снова баллотируется в парламент» (på russisk). RFE/RL, Inc. 11. mars 2018.
- ↑ «Son of President of Turkmenistan elected to parliament with 91.42% of the votes». AKIpress News Agency. 30. mars 2018.
- ↑ «Authoritarian Turkmen Leader's Son Rises in Foreign Ministry». Voice of America News. 3. juni 2018.
- ↑ «Turkmenistan: President's son and presumed heir gets new top job». Eurasianet. 1. april 2019.
- ↑ «Turkmenistan president's son appointed minister». Seattle Times. 8. februar 2020.
- ↑ «Türkmenistanyň Ministrler Kabinetiniň we Döwlet howpsuzlyk geňeşiniň bilelikdäki giňişleýin mejlisi» (på turkmensk). Türkmenistan: Altyn asyr. 11. februar 2021.
- ↑ «Turkmenistan president's son promoted to key government job». Associated Press. 10. juli 2021.
- ↑ Catherine Putz (15. februar 2022). «Turkmenistan Set for Dynastic Succession: Early Election March 12, President's Son Running». The Diplomat.
- ↑ «Turkmenistan leader's son wins presidential election». Associated Press. 15. mars 2022.
- ↑ «Turkmenistan: New president, old ideas». Eurasianet. 15. mars 2022.
- ↑ «Turkmenistan: Berdymukhamedov passes the mantle (and phone)». Eurasianet. 22. mars 2022.
- ↑ «President Kovind arrives in Netherlands on final leg of his two-nation visit». Deccan Herald. 6. april 2022.
- ↑ «Türkmenistanyň Prezidenti Serdar Berdimuhamedow umra hajyny berjaý edýär». Juni 2022.
- ↑ «Small Shuffles in the Turkmen Cabinet of Ministers». thediplomat.com. 9. april 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Serdar Berdimuhamedow» frå Wikipedia på bokmål, den 17. februar 2024.