Serenade nr. 12 av Mozart

Serenade nr. 12 for blåseinstrument i c-moll K. 388/384a, vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i 1782 eller 1783. Verket vert stundom kalla «Nacht Musique». I 1787 transkriberte Mozart verket for bratsjkvintett. Denne transkripsjonen fekk namnet Strykekvintett, K. 406/516b.

Serenade nr. 12
K. 388
Serenade av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerOrkestermusikk
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1782
Typisk lengd23:48
Satsar/akter4
Toneartc-moll

Serenaden er instrumentert for to oboar, to klarinettar, to valthorn og to fagottar.

Verket har fire satsar:

  1. Allegro, C-moll, 4/4
  2. Andante, Ess-dur, 3/8
  3. Menuett & Trio, C-moll og C-dur, 3/4
  4. Allegro, C-moll, 2/4

Menuetten er ein kanon.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre