Serenade nr. 7 av Mozart
Serenade for orkester i D-dur, K. 250, populært kalla Haffnerserenaden, er ein serenade av Wolfgang Amadeus Mozart kalla opp etter Haffnerfamilien. Venen til Mozart, Sigmund Haffner den yngre, bestilte serenaden for å nyttast i festlegheitane før bryllaupet til syster hans Marie Elisabeth Haffner og hennar Franz Xaver Spaeth. Serenaden vart først spelt 21. juli 1776, kvelden før bryllaupet. Verket har åtte satsar:
- I. Allegro maestoso - Allegro molto
- II. Andante
- III. Menuetto
- IV. Rondeau: Allegro
- V. Menuetto galante
- VI. Andante
- VII. Menuetto
- VIII. Adagio - Allegro assai
K. 250 Serenade av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Sjanger | Orkestermusikk | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | 1776 | ||
Urframføring | 21. juli 1776 | ||
Typisk lengd | 53:23 | ||
Satsar/akter | 8 | ||
Toneart | D-dur |
Den andre, tredje og fjerde satsen er dominert av solofiolinar. Rondoen (fjerde satsen) har vorte arrangert for solofiolin og vert nytta som eit populært virtuosstykke.
Ei typisk framføring varer 55 minuttar.
Sjå òg
endre- Haffnersymfonien, K. 385, eit anna stykke bestilt av Haffner
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Serenade No. 7 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Serenade in D KV 250: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Program notes on the Haffner Serenade for its performance by the New York Philharmonic