Symfoni nr. 35 av Mozart

(Omdirigert frå Haffnersymfonien)

Symfoni nr. 35 i D-dur, K. 385, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart i 1782 og vert òg kalla Haffnersymfonien. Han vart bestilt av familien Haffner, ein framståande familie i Salzburg, då Sigmund Haffner vart adla. Haffnersymfonien må ikkje forvekslast med den åtte satsar lange Haffner-serenaden, eit anna stykke Mozart skreiv på bestilling frå same familie i 1776.

Symfoni nr. 35 i D-dur
K. 385
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1782
Typisk lengd19:32
Satsar/akter4
ToneartD-dur

Bakgrunn endre

Haffner-symfonien starta ikkje som ein symfoni, men heller som ein serenade som skulle nyttast som bakgrunnsmusikk under adlinga av Sigmund Haffner. Mozart-familien kjende familien Haffner gjennom far til Sigmund Haffner, òg Sigmund Haffner, som hadde vore borgarmeister i Salzburg og hjelpt dei ut på dei tidlege reisene i Europa. Den eldre Haffner døydde i 1772, men familiane opprettheldt kontakten. I 1776 bestilte den yngre Haffner ein serenade for bryllaupet mellom Marie Elizabeth Haffner og Franz Xavier Spath. Dette verket vart den kjende Haffner-serenade som vart så populær at då den yngre Sigmund Haffner skulle adlast, så var det berre naturleg for han å bestille musikk hos Mozart for hendinga. Bestillinga kom via far til Mozart den 20. juli 1782, då Mozart ikkje hadde ledig tid. Mozart var «opp til halsen i arbeid»[1]. Ikkje berre arbeidde han som lærar, men han måtte òg omarrangere partituret i operaen sin Die Entführung aus dem Serail before July 28. I tillegg til dette var det planlagde bryllaupet hans med Constanze Weber truga av fleire flokar, mellom anna å flytte til eit hus på Hohe Brücke i Wien[2][3]. Likevel sette Mozart i gang med musikken, og sende han gjennom fleire delar til faren. Det Mozart skreiv på denne tida var ein ny serenade. Det er godt mogeleg at Mozart ikkje vart heilt ferdig med musikken før adlinga. Mozart omarbeidde nemleg verket seinare til slik me kjenner det i dag.

Mot slutten av desember 1782 valde Mozart å presentere musikken frå den nye Haffner-serenaden på ein konsert. Han bad faren sende han partituret for serenaden tilbake, og vart sjølv imponert over kvaliteten, trass i at han vart skriven på så kort tid.[2][4] Han gjorde fleire endringar for å omgjere serenaden til ein symfoni. Mellom anna fjerna han ein marsj i starten (K. 385a) og ein av menuettane. I tillegg vart repeteringa mot slutten av den første satsen fjerna. Mozart gav òg Haffner-symfonien meir fylde med å leggje til to fløyter og to klarinettar til blåseseksjonen i første og siste sats.[5][6].

Haffner-symfonien slik me kjenner han i dag vart første gong framført den 23. mars 1783 ved Wien Burgtheater[7][8].

Instrumentering og satsar endre

Symfoni er skriven for 2 fløyter, 2 oboar, 2 klarinettar i A, 2 fagottar, 2 horn i D og G, 2 trompetar i D, pauke og strykarar.[9]

Symfoni er i fire satsar:

  1. Allegro con spirito, 4/4
  2. Andante, 2/4
  3. Menuett, 3/4
  4. Presto, 2/2

Kjelder endre

  1. Steinberg 1995, s. 386
  2. 2,0 2,1 Boerner 1997
  3. Boynick 1996
  4. Landon 1996
  5. Wilson 1969
  6. J.A.W. 1972
  7. Steinberg 1995
  8. Sadie 1985
  9. "Later Symphonies" by Wolfang Amadeus Mozart, published by Dover Publications, ISBN 048623052X
  • Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 35 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2010.
  • Boerner, S 1997, The Mozart Project, K. 385 [online].
  • Boynick, M 1996, Wolfgang Amadeus Mozart - Symfoni 35 [online].
  • Cuyler, L 1995, The Symfoni, 2nd edn, Harmonie Park Press, Michigan.
  • Downs, PG 1992, Classical Music, WW Norton, New York.
  • J. A. W., 1972, "Symfoni i D-dur, K. 385" from Music & Letters, Vol. 53, nr. 2. (Apr., 1972), s. 231-232.
  • Landon, HCR (ed.) 1996, The Mozart compendium, Thames & Hudson, London.
  • Ledbetter, S 1997, Pro Arte: Mozart; Symfoni nr. 35 i D, Haffner [online].
  • Rushton, J 2007, "Wolfgang Amadeus Mozart" from Grove Music Online.
  • Sadie, S (ed.) 1985, The Cambridge music guide, Cambridge University Press, Cambridge.
  • Simpson, R (ed.) 1967, The Symfoni - 1: Haydn to Dvořák, Penguin Books Ltd, Middlesex.
  • Steinberg, M 1995, The Symfoni - A Listener's Guide, Oxford University Press, Oxford.
  • Wilson, BE 1969, "Haffner Symfoni; Facsimile of the Original Manuscript Owned by the National Orkesterl Association, New York" from Notes, Vol. 26, nr. 2., s. 350-351.
  • Zaslaw, N 1989, Mozart's symphonies: context, performance, practice, reception, Oxford University Press, Oxford.
  • Einstein, Alfred, Mozart: His Character, His Work. Translated by Arthur Mendel and Nathan Broder. London ; New York : Oxford University Press, 1945. (Quote from page 230.)
  • Liner Notes from Universal Classics issue of the Haffner Symfoni performed by the Wiener Philharmoniker conducted by Karl Böhm.

Bakgrunnsstoff endre