Sergej Rozjkov
Sergej Leonidovitsj Rozjkov (fødd 1. april 1972 i Murmansk i Russland) er ein russisk skiskyttar.
Sergej Rozjkov | |
Fødenamn | Сергей Леонидович Рожков |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 1. april 1972 (52 år) Murmansk |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2002 |
Rozjkov har deltatt i verdscupen i skiskyting sidan 1995. Allereie i første sesongen vann han sitt første renn, 20 km i Pokljuka. Seinare har han vunne tre individuelle verdscuprenn til. I VM i Lahti i 2000 var han med å vinna gull med det russiske stafettlaget. 2004/05-sesongen var den beste sesongen hans så langt i verdscupen, då han kom på 5. plass samanlagt.
Rozjkov bur i Reutov i Moskva oblast. Han er gift og har eit barn. Han er utdanna frå Murmansk Statlege Tekniske Universitet. Han var med i den russiske troppen til OL i Torino i 2006. Der fekk han berre gå ein distanse, fellesstarten, der han kom på 20. plass.
Kortfatta merittliste
endre(per 28. februar 2006)
- Verdscupen samanlagt:
- Beste plassering: 5. plass (2004/05)
- Verdsmeisterskap:
- 1 gull, 4 sølv (beste individuelt: 4. plass på 20 km i 1997, 20 km i 2001 og jaktstart i 2003
- Olympiske leikar:
- Beste plassering: 4. plass (stafetten, Salt Lake City 2002) beste individuelt 12. plass (20 km, 2002)
- Verdscuprenn:
- 4 gull, 4 sølv, 11 bronse
Bakgrunnsstoff
endre- «Sergey Rozhkov» (på engelsk). olympedia.org. Henta 13. februar 2023.