Opna hovudmenyen

Serranía del Perijá, òg kalla Sierra de Perijá, er ei fjellkjede, ei forlenging av den austlege forgreininga av Andes mot vest, lengst nord i Sør-Amerika. Fjellkjeda dannar grenseområdet mellom mellom Colombia og Venezuela, og endar nord mot Guajira-ørkenen. Ho skil Maracaibo-bassenget i Venezuela frå Cesar-Rancharía-bassenget i Colombia.

Serranía del Perijá
fjell
Serrania del Perija - Cerro Pintao.jpg
Cerro Pintado
Foto: Wikimedia-brukar F3rn4nd0
Land Flag of Colombia.svg Colombia
Fjellkjede Andesfjella
Høgd 3 630[1] moh.
Koordinatar 10°0′59″N 75°57′28″W
Wikimedia Commons: Serranía del Perijá

SkildringEndra

Denne fjellkjeda startar i sør nær Ocaña, Colombia, der ho dannar grensa mellom dei colombianske departementa Norte de Santander og Cesar, og nordom Norte de Santander dannar ho den internasjonale grensa mellom Zulia-staten i Venezuela og Cesar i Colombia. Utstrekninga frå Ocaña nordover til der fjellkjeda endar, er over 300 kilometer.[2] Litt meir enn halve arealet av fjellkjeda ligg i Venezuela. Det høgste punktet er Cerro Pintado på 3630 moh., etterfølgt av Cerro de Las Tetas på 3630 moh.[1]

Venezuela har avsett ein monaleg del av området som ein nasjonalpark, Sierra de Perijá nasjonalpark, og Colombia har ein mindre ein. I den venezuelanske delen finn ein område for yucpa-folket og barí-folket, og i Colombia for iroko- og sokorpa-folket.

KjelderEndra

Referansar
  1. 1,0 1,1 Perija-Guajira fakta Peakbagger.com Henta 2. februar 2019
  2. «Mountains of Perijá». Encyclopaedia Britannica. Encyclopaedia Britannica. 7. oktober 2016. Henta 2. februar 2019. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Serranía del Perijá