Sesam.no
Sesam.no er ei norsk søketeneste som vart lansert hausten 2005. Pr mai 2007 hadde Sesam om lag 480 000 unike brukarar i veka, og var ei av dei 12 mest besøkte nettsidene i Noreg. Målet var å bli best på norske søk, men etter å ha tapt 88 millionar kroner, er ambisjonane redusert, slik at søkemotoren satsar mest på søk i aktualitetar og nyhende.
Ein kan blant anna bruke Sesam til å finne:
- Norske og internasjonale nettsider (Nettsøk)
- Oversikt over nyhendesbiletet, og søk i norske og utanlandske kjelder (Sesam Nyheter)
- Avisartiklar attende til 1983 (Nyhetssøk)
- Kontaktinformasjon for bedriftar (Sesam Katalog Bedriftssøk)
- Rekneskapstal og styremedlemmer for bedriftar (Sesam Katalog Bedriftssøk)
- Kontaktinformasjon og styreverv for privatpersonar (Sesam katalog Personsøk)
- Bilete frå nettsider og frå Scanpix (Bildesøk)
- Leksikonoppslag frå Wikipedia
TeknologiEndra
Sesam.no er utvikla i samarbied med Fast Search & Transfer, eit norsk søketeknologiselskap som er rekna blant dei beste selskap innan søkemotorteknologi i verda.
OrganisasjonEndra
Sesam.no er eigd av Schibsted Søk AS, eit dotterselskap i Schibstedkonsernet. Administrerende direktør er Arild Nilsen, og styreleiar er Rolv Erik Ryssdal. Sesam.se og Sesam MEDIA AS er òg dotterselskap av Schibsted Søk.
BakgrunnsstoffEndra
- Sesam.no
- sesam.se Arkivert 2008-04-06 ved Wayback Machine.
- Schibsted Søk: Kontaktinfo og styremedlemmer[daud lenkje]
- FAST Search and transfer
- Sesam Katalog Arkivert 2007-05-01 ved Wayback Machine.
- Sesam Nyheter Arkivert 2015-03-26 ved Wayback Machine.
- SK.no