Sestra i Leningrad oblast

Sestra (russisk Сестра, finsk Siestarjoki, tidlegare òg Rajajoki, svensk Systerbäck) er ei elv i Sankt Petersburg og Leningrad oblast i Russland. Elva er 74 km lang, med eit nedbørfelt på 393 km².

Elva Sestra/Rajajoki på 1920-talet. Til venstre Finland, til høgre Russland. I bakgrunnen jernbanen Helsingfors-Viborg-St. Petersburg
Eit nærare bilete av jernbanebrua over grensa

Sestra ligg på Det karelske neset. Ho munna ut i Finskebukta til først på 1700-talet. Etter bygginga av ei demning for å forsyne våpenfabrikken i Sestroretsk, vart ein del av elva omgjort til eit to meter djupt og 10,6 km² stort reservoar kalla Sestroretskij Razliv. Sestra har sidan då munna ut i dette reservoaret, som er skilt frå Finskebukta med ein rygg av kunstige sanddyner. Overskuddsvatn vert dumpa i Finskebukta gjennom ein 4,8 km lang kanal.

Sestra var grenseelv mellom Russland og Sverige mellom 1323-1617, og mellom Russland og Finland frå 1812–1940.

Kjelder endre