Donets
(Omdirigert frå Severskyj Donets)
Donets, Severskij Donets (russisk Северский Донец) eller Siverskyj Donets (ukrainsk Сіверський Донець) er ei elv i Russland og Ukraina og ei av sideelvane til Don frå høgre.
Donets | |||
Severskij Donets, Siverskyj Donets | |||
elv | |||
Donets og Sviatohirsk Lavra
| |||
Land | Russland, Ukraina | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 98 900 km² | ||
Lengd | 1 053 km | ||
Middelvassføring | 159 m³/s | ||
Kjelde | Det sentralrussiske høglandet | ||
• høgd | 200 moh. | ||
Munning | Don | ||
Donets 51°00′26″N 37°03′34″E / 51.007222°N 37.0595°E | |||
Kart som viser Donets.
| |||
Wikimedia Commons: Seversky Donets |
Ho spring ut frå Det sentralrussiske høglandet, nord for Belgorod, og renn søraustover gjennom Ukraina (gjennom Kharkiv, Donetsk og Luhansk oblast) og så inn att i Russland der ho munnar ut i Don i Rostov oblast nedanfor Konstantinovsk, om lag 100 km frå Azovhavet. Donets har ei total lengd på 1053 km.
Dei nedre delane av elva kan nyttast til skipsfart, og vassvegen er ei viktig transportåre i nedslagsfeltet hennar (Donbas), eit område med mykje kolgruvedrift og tungindustri.
Av byar langs Donets finn ein frå kjelda til munningen:
- Belgorod (Russland)
- Vovtsjansk (Ukraina)
- Tsjukhujiv (Ukraina)
- Zmiiv (Ukraina)
- Izium (Ukraina)
- Rubizjne (Ukraina)
- Lysytsjansk (Ukraina)
- Sieverodonetsk (Ukraina)
- Kamensk-Sjakhtinskij (Russland)
- Ust-Donetskij (Russland)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Seversky Donets» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2008.