Sgula (hebraisk skrift סְגֻלָּה, סגולה), òg Segula, er ein moshav nord for Kiryat Gat sør i det sentrale Israel. Han er eit medlem av Yoav regionale kommune.

Sgula
landsby
Flyfot av Sgula
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°40′13.08″N 34°46′46.91″E / 31.6703000°N 34.7796972°E / 31.6703000; 34.7796972
Folketal 689 (2015)
Kart
Sgula
31°40′13″N 34°46′47″E / 31.6703°N 34.779697222222°E / 31.6703; 34.779697222222
Wikimedia Commons: Sgula

Moshav Sgula vart grunnlagd i 1953 av innfødde israelarar. Namnet kan vere basert på eit vers i Andre mosebok(19:5) der ordet segula er nytta i tydinga «kosteleg»: «Dersom de lyder mi røyst og held mi pakt, skal de vera min kostelege eigedom framfor alle andre folk; for heile jorda er mi.» Han vart grunnlagd på land som høyrte til den palestinske landsbyen Summeil, som vart avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948.[1]

Kjelder endre

  1. Khalidi, Walid (1992), All That Remains: The Palestinian Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, s. 137, ISBN 0-88728-224-5