Opna hovudmenyen

Shackletonisen er ein stor isbrem ved kysten av Aust-Antarktis som strekkjer seg kring 384 km (95E til 105E) langs kysten, og kring 145 km ut i havet i vest og 64 km i aust. Han dekkjer eit område på kring 33 820 km². Han er ein del av Mawsonhavet og skil Queen Mary Coast i vest frå Knox Coast i Wilkes Land i aust. Isbremmen vart oppdaga av USEE under Charles Wilkes som kartla delar av han frå «Vincennes» i februar 1840. Han vart utforska av Den australasiatiske antarktisekspedisjonen under Douglas Mawson (1911-14) som namngav han etter sir Ernest Shackleton. Isbremmen vart kartlagt i større detalj i 1955, ved hjelp av flyfoto tekne av US Navy Operasjon Highjump i 1946-47. Den sovjetiske ekspedisjonen i 1956 kartla isbremmen ytterlegare austover frå Scottbreen til ein ein del av denne isbremmen.

Shackletonisen
isbrem
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Queen Mary Land og Wilkes Land
 - koordinatar 66°00′S 100°00′E
Administrert under Antarktistraktaten
Shackletonisen is located in Antarktis
Shackletonisen (Antarktis)

Sjå ògEndra