Shaunae Miller-Uibo

(Omdirigert frå Shaunae Miller)

Shaunae Miller-Uibo (fødd 15. april 1994) er ein friidrettsutøvar frå Bahamas som tevlar i sprintløp. Ho vart olympisk meister på 400 meter både i 2016 og 2021. Hennar personbeste på 200 meter og 400 m er på 21,74 og 48,36 sekund, oppnådd i høvesvis 2019 og 2021.

Shaunae Miller-Uibo


Statsborgarskap Bahamas
Fødd 15. april 1994 (30 år)
Nassau på Bahamas
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, VM i friidrett innendørs 2014, Samveldeleikane 2014, Stafett-VM i friidrett 2015, VM i friidrett 2017, Samveldeleikane 2018, VM i friidrett 2019, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 400 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 200 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 400 meter kvinner, VM i friidrett innendørs 2022 – 400 meter kvinner

Aktiv endre

19 år gammal kom Miller på fjerdeplass på 200 m ved Moskva-VM. To år seinare vann ho sølvmedaljen på 400 meter under VM i friidrett 2015 i Beijing, einast Allyson Felix sprang fortare. Året etter vann Miller gullmedaljen på same distansen då Sommar-OL 2016 vart avvikla i Rio de Janeiro, sju hundredels sekund føre nemnte Felix. I London-VM 2017 gjorde Miller det best på 200 m, der ho tok bronsen. Under verdsmeisterskapen 2019 gjorde ho eit fabelaktig godt 400-meterløp på tida 48,37, trass i dette måte ho sjå seg slått av marokkanske Salwa Eid Naser. Miller-Uibo tok sitt mun att under dei olympiske sommarleikane i Tokyo i 2021, der ho forbetra sitt personbeste t med ein hundredels sekund til 48,36 sekund og vann ein suveren siger.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre