Shireelva (Shire er uttalt /ʃiːrɛ/, også skrive Chire og Shiré) er ei elv i det sørlege Malawi og sentrale Mosambik. Shire er den viktigaste elva i Malawi og er 402 km lang. Ho renn frå den sørlege enden av Malawisjøen til ho går inn i Zambezi i Mosambik.

Shire-elva ved Nsanje i Malawi.

Ein demning ved Liwonde regulerer vasstilsiget frå Malawisjøen. Eit rikt dyreliv som elefantar, flodhestar, krokodillar og antiloper er avhengige av plantar som veks på elvebreiddene.

Kjelder endre