Sialkot
32°29′50″N 74°32′10″E / 32.49722°N 74.53611°E
Sialkot | |||
Land | Pakistan | ||
---|---|---|---|
Areal | 3 016 km² | ||
Folketal | 421 502 (1998) | ||
Sialkot 32°30′00″N 74°32′00″E / 32.5°N 74.533333333333°E | |||
Plasseringa av Sialkot i Pakistan.
| |||
Wikimedia Commons: Sialkot (Pakistan) |
Sialkot (urduskrift سیالکوٹ) er ein by i den nordaustlege delen av provinsen Panjab i Pakistan, nær grensa til det India-kontrollerte Jammu. Byen er administrasjonssenter i distriktet med same namn. Han har rundt 420 000 innbyggjarar, og er den 12. største byen i Pakistan.[1] Sialkot ligg nær Chenab-elva, ved foten av fjella i Kashmir. Byen ligg rundt 110 km nordaust for Lahore.[2]
Næring og kultur
endreIndustri er ei viktig næring i byen, der det blir laga sportsartiklar, musikkinstrument, klede og kirurgiske instrument. Mange av produkta blir eksporterte. Byen har også keramikkproduksjon.[2]
Sialkot er særleg kjend for sin produksjon av handsydde fotballar. Det blir laga 40-60 millionar slike ballar årleg, rundt 70 % av verdsproduksjonen. Byen har levert ballar til fleire store internasjonale meisterskap, som verdscuppen i 2014.[3] Etter ein internasjonal skandale i 1997 kom det inn eit forbod mot barnearbeid i industrien.[4]
Under den britiske kolonitidia blei det byrja å laga sekkepiper i byen. Det finst i dag rundt 20 sekkepipekorps her.[5]
I Sialkot finst eit mausoleum til guru Nanak, grunnleggjaren av sikhismen.[2]
Kjende folk frå Sialkot
endre- Muhammad Iqbal (1877–1938), urdudiktar som inspirerte rørsla for å skipa Pakistan
- Faiz Ahmad Faiz (1911–1984), urdudiktar
- Rajendra Kumar (1929–1999), filmskodespelar i Bollywood
- Ghulam Ali (f. 1940), songar
- Khawaja Muhammad Asif (f. 1949), pakistansk forsvarsminister
- Shoaib Malik (f. 1982), cricketspelar
Kjelder
endre- ↑ arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 25. desember 2018, henta 22. april 2016
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Sialkot», Store norske leksikon, 15. februar 2009
- ↑ http://www.thenews.com.pk/article-150235-Brazilian-ambassador-unveils-Pak-made-FIFA-soccer-ball
- ↑ Hasnain Kazim (16 March 2010). «The Football Stitchers of Sialkot». Spiegel International. Henta 7. november 2011.
- ↑ «Punjab pays tartan homage to Caledonia | World news | The Observer». Guardian. 25 April 2004. Henta 22. november 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Sialkot» frå ena, den 22. april 2016.