Barnearbeid
Barnearbeid er tilsetjing av barn under ein gitt alder bestemt av lov eller sedvane. I førindustrielle samfunn har det vore vanleg for barn å utføra ulike arbeidsoppgåver som hjelp og opplæring. Med den industrielle revolusjonen byrja ein tilsetja barn i industrien. Etterkvart blei det utforma lover som skulle verna barn mot utnytting og sikra dei skulegang. Ein notidig definisjon på barnearbeid er «barn som arbeider så mykje at det går ut over leik og skulegang».[1] Også lovverket, t.d. arbeidsmiljølova i Noreg, legg vekt på at arbeidet ikkje skal fråta barna skulegang.[2]
Barnearbeid blir rekna som eit stort problem av mange internasjonale organisasjonar som SN og den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO).[4][5] Det blir særleg lagt vekt på å motarbeida barnearbeid som utnyttar barn. SN seier i artikkel 32 i Convention on the Rights of the Child følgjande:
States Parties recognize the right of the child to be protected from economic exploitation and from performing any work that is likely to be hazardous or to interfere with the child's education, or to be harmful to the child's health or physical, mental, spiritual, moral or social development.[4]
Barn har arbeidd i ulik grad gjennom historia. På 1800- og tidleg på 1900-talet var mange barn mellom 5 og 14 frå fattigare familiar i arbeid i vestlege land og koloniane deira. Dei fleste av desse barna var tilsette i landbruket, heimeindustri, fabrikkar, gruver og i tenesteyrke som avisgutar. Nokre av dei arbeidde i skift som varte i 12 timar. Med aukande inntekter for hushald, tilgang på skulegang og innføirng av lovar om barnearbeid gjekk førekomsten av slikt arbeid ned.[6][7][8]
I dei fattigaste landa i verda er likevel rundt eitt av fire barn involverte i barnearbeid. Dei fleste av dei (29 prosent) bur i Afrika sør for Sahara.[9] I 2017 hadde fire afrikanske land (Mali, Benin, Tsjad og Guinea-Bissau) over 50 prosent av ungar mellom 5 og 14 aktive i arbeidslivet.[9] På verdsbasis er jordbruk framleis den største sektoren for barnearbeid.[10] Dei fleste barnearbeidarane finn ein i landlege område og i uformelle økonomiske system i byane. Dei fleste barn som arbeider blir tilsette av foreldra sine, og ikkje i fabrikkar.[11] Fattigdom og mangel på skular er rekna som hovudårsaka til barnearbeid.[12]
I takt med aukande velstand i eit land minskar som regel omfanget av barnearbeid. Det er også innført lovverk for å avgrensa barnearbeid. I tida mellom 1960 og 2003 gjekk delen av barn som arbeider i verda ned frå 25 til 10 procent, og ein har spådd at minskinga skal halda fram.[13] Det totale talet på barnearbeidarar er likevel framleis høgt. UNICEF og ILO har estimat på at 168 millionar barn mellom 5 og 17 år i verda tok del i barnearbeid i 2013.[14]
Mange stader kan ein rekna barnearbeid som naturleg eller nødvendig, med barn i arbeid side om side med familiemedlemmer, med arbeidsoppgåver tilpassa alder og fysikk der felles innsats er avgjerande for overlevinga til familien. Arbeidet kan òg verka som ei opplæring og utdanning som avgjer den seinare posisjonen til barnet og tilhøyre i samfunnet. Ofte er det barnet si inntening som betaler skulegangen for barnet. Eige arbeid kan vera vegen til barnet ut av fattigdom.[15]
I 1838 blei det vedtatt ei lov i England om 8-timarsdag for barn i aldersgruppa 9-13 år og 12-timarsdag for tenåringar, 13-18 år gamle.[16]
Barnearbeid i Noreg
endreArbeidarvernlova 1892
endreHistorisk har barnearbeid vore utbreidd i Noreg. Heile 42 % av arbeidarane ved Modum blåfargeverk var tilsette før dei fylte 17 år, og 7 % før dei var tolv. I 1875 var 3400 barn under 15 år registrerte som arbeidarar, dvs. 7-8 % av alle norske industriarbeidarar. Dette talet er for lågt anslått, sidan teljinga blei gjort om vinteren, ikkje om sommaren når behovet for barnearbeid var på sitt høgaste, med barnevandringar der barna var heilt overlatne til seg sjølv.[17]
Totalt sett var det flest barn på sagbruk og høvleri. Her tok ein berre inn gutar, som utgjorde 10 % av arbeidarane. Endå fleire var deltidstilsette; i 1872 hadde halvparten av skulegutane i Halden slikt deltidsarbeid. Dei bar plankar rundt opne maskinar med uskjerma sagblad. I spinneria var dei unge skift-jentene utsett for ope maskineri. Fyrstikkarbeidarane var utsette for nekrose framkalla av fosforet. Likevel var det ikkje norske legar som fyrst reagerte på tilhøva til barnearbeidarane. Det var det lærarane som gjorde, fordi dei såg korleis arbeidet gjekk ut over skulegangen. Etter press frå skulefolk tok kyrkjedepartementet opp problemet med barnearbeid i 1875. Truleg var det mest barnearbeid nettopp under høgkonjunkturen til 1870-talet. Danmark vedtok ei lov om avgrensing av barnearbeid i 1873, men i Noreg tok det 17 år til før den fyrste fabrikktilsynslova kom, i 1892.[18] Verken den norske embetsmannsstaten eller Venstre som kom til makta i 1884, såg nokon grunn til å interessera seg for vilkåret til barn i arbeidslivet. Tvert om blei barnearbeid omtalt som ein «teknisk nødvendighet».[19]
I 1872 hadde Jacob Neumann Mohn utført ei undersøking på vegner av det statistiske kontoret i Indredepartementet. På grunn av det aukande barnearbeidet i industrien fekk Mohn i oppdrag å gjera greie for arbeidet til barn og unge utanfor heimen. Arbeidet hans kom ut i 1875, og i 1892 blei det lagt til grunn for den nye arbeidarvernlova.[20] Han fann at tobakksindustrien hadde den største delen av barnearbeidarar, i 1875 med 613 tilsette barn, 43 % av den samla arbeidsstyrken. På fyrstikkfabrikkar og glasverk var prosentdelen 35 og 15.[16]
Mohn undersøkte både industriarbeid og arbeid i primærnæringane. Å undersøka tilhøva ved heimearbeid vart derimot for vanskeleg. Mohn fann både positive og negative sider ved barnearbeid, sidan barn utgjorde ein del av ressursane i familien ved å bidra til familieøkonomien.[21] Blant arbeidarminna innsamla av Edvard Bull d.y., fortel ein gut tilsett på eit sagbruk på den tida då Mohn gjorde undersøkingane sine, om den fyrste lønninga si, 60 kroner, som då var eit betydeleg beløp. Han sa til far sin at dei skulle bruka pengane til å kjøpa stoff, så mora kunne sy klede til han. Det kosta 7-8 kroner. Resten gav guten til faren og sa at dei skulle betala gjelda si til kjøpmannen. Dermed blei familien kredittverdig med moglegheit til å handla fritt med andre kjøpmenn.[22]
Barna arbeidde ofte saman med vaksne, og det dei utførte, avhang av samarbeid mellom voksen og barn. Om barnet ikkje fekk betalt, var arbeidet likevel av verdi for familien, sidan innsatsen til barnet auka inntekta til familien. Barna fekk eit ansvar som utvikla sjølvtillit og sjølvkjensle. Arbeidet var ein del av oppveksten og oppsedinga til fattige barn. Mohn uroa seg likevel for helsefarlege arbeidsforhold som uskjerma maskineri, og barn som fekk permanente lungesjukdommar som følgje av ureining eller ved å overnatta utandørs i kulde og regn som gjetarar. Ikkje minst kunne barn utvikla dårleg moral ved å utsetjast for den tvilsame livsførselen til vaksne arbeidarar.[21] Mohn meinte at ein ikkje kunne forby barnearbeid i Noreg, sidan industrien måtte halda seg konkurransedyktig i høve til utanlandsk industri som også nytta barnearbeid. For å skjerma og bevara helsa og moralen til barnet, meinte han likevel at arbeidet måtte regulerast, som vedtatt i arbeidarvernlova i 1892
Barnearbeid i Noreg i dag
endreArbeidsmiljølova fastslår at barn under 15 år som hovudregel ikkje skal arbeida, men visse former for arbeid er tillatne frå dei har fylt 13. I tillegg skal 15-17-åringar unngå m.a. nattarbeid. Arbeid kl. 23–06 er forbode, og også arbeid kl. 21–23 blir definert som nattarbeid, og blir berre tillate om arten til arbeidet gjer det nødvendig eller det gjeld eit særleg og tidsavgrensa behov for nattarbeid.[2]
Kjelder
endre- ↑ Barnearbeid - UNICEF, arkivert frå originalen 17. september 2011, henta 5. desember 2022
- ↑ 2,0 2,1 http://www.lovdata.no/all/hl-20050617-062.html
- ↑ Prosent av barn mellom 5 og 14 år i barnearbeidArkivert kopi på Wayback Machine.
- ↑ 4,0 4,1 «Convention on the Rights of the Child». United Nations. Arkivert frå originalen 3. oktober 2006. Henta 5. oktober 2006.
- ↑ «Worst Forms of Child Labour Recommendation, 1999». International Labour Organization. Arkivert frå originalen 19. mars 2012. Henta 5. oktober 2006.
- ↑ Prügl, Elisabeth (1999). The Global Construction of Gender - Home based work in Political Economy of 20th Century. Columbia University Press. s. 25–31, 50–59. ISBN 978-0231115612.
- ↑ Hugh Cunningham; Pier Paolo Viazzo, red. (1996). Child Labour in Historical Perspective: 1800-1985 (PDF). UNICEF. ISBN 978-88-85401-27-3. Arkivert frå originalen (PDF) 23 November 2015.
- ↑ Hindman, Hugh (2009). The World of Child Labour. M.E. Sharpe. ISBN 978-0-7656-1707-1.
- ↑ 9,0 9,1 «UNICEF Data – Child Labour». UNICEF. 2017. Henta 18. april 2018.
- ↑ «Child Labour». The Economist. 20. desember 2005.
- ↑ Eric V. Edmonds; Nina Pavcnik (Winter 2005). «Child Labour in the Global Economy» (PDF). Journal of Economic Perspectives 19: 199–220. doi:10.1257/0895330053147895. Arkivert frå originalen (PDF) 26. juni 2013. Henta 5. desember 2022.
- ↑ «Child labour - causes». ILO, United Nations. 2008.
- ↑ Norberg, Johan (2007), Världens välfärd (Stockholm: Government Offices of Sweden), s. 58
- ↑ «To eliminate child labour, "attack it at its roots" UNICEF says». UNICEF. 2013. Arkivert frå originalen 25. februar 2021. Henta 5. desember 2022.
- ↑ Schrumpf, Ellen (2007). Barndomshistorie. Det Norske Samlaget. s. 56–57.
- ↑ 16,0 16,1 «Barnearbeid i industrien 1870-1915», SSB
- ↑ Tore Pryser: Norsk Historie 1814-1860 (s. 204), Det norske samlaget, Oslo 1985, ISBN 82-521-5547-2
- ↑ Fabrikktilsynsloven av 1892
- ↑ Tore Pryser: Norsk Historie 1814-1860 (s. 204-05)
- ↑ Mohn, Jacob Neuman (1875). «Angaaende Børns og Unge Menneskers Anvendelse til Arbeide udenfor Hjemmet.». Stortingets forhandlinger 1883, del III.
- ↑ 21,0 21,1 Schrumpf, Ellen (1997). «From full-time to part-time: working children in Norway from the nineteenth to the twentieth Century.». Industrious Children - Work and Childhood in the Nordic Countries 1850 - 1990. Odense University Press. s. 47–72.
- ↑ Arbeiderminnene er tilgjengelige ved institutt for historiske studier, NTNU
- Denne artikkelen bygger på «Barnearbeid» frå Wikipedia på bokmål, den 5. desember 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Child labour» frå Wikipedia på engelsk, den 5. desember 2022.