Sibirgraslauk
underart av graslauk
Sibirgraslauk (Allium schoenoprasum ssp. boreale) er ei plante i laukslekta i påskeliljefamilien,[1] ein underart av graslauk.[2]
Sibirgraslauk | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Påskeliljefamilien Amaryllidaceae |
Underfamilie: | Alliaceae Allioideae |
Stamme: | Allieae |
Slekt: | Laukslekta Allium |
Art: | Graslauk A. schoenoprasum |
Underart: | Sibirgraslauk A. s. boreale |
Vitskapleg namn | |
Allium schoenoprasum boreale |
I motsetning til nominatunderarten matgraslauk er sibirgraslauk ei heimleg plante med arktisk sirkumpolar utbreiing. Arten er vanleg frå nordlege Nordland til Aust-Finnmark, mest i kyst- og fjordstrøk. Underarten har tidlegare vore rekna til arten A. sibiricum som har ei utbreiing austover i Russland, men som skil seg monaleg frå denne.[2] På Raudlista 2021 har underarten status som livskraftig (LC).[3]
Kjelder
endre- ↑ «Artsdatabanken: Sibirgraslauk». Artsdatabanken. Henta 9. mars 2023.
- ↑ 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 217.
- ↑ «Norsk rødliste for arter 2021: Sibirgressløk». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 9. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Sibirgraslauk hos Artsdatabanken