Laukslekta

planteslekt

Laukslekta (Allium) er ei slekt i påskeliljefamilien (Amaryllidaceae) med over 600 arter i Europa, Midt-Austen, Sentral-Asia, Aust-Asia og Nord-Amerika. Artene er fleirårige urter, som dannar knollar. Alle har laukaktig lukt og smak. I APG III-systemet er slekta ein del av underfamilien Alliaceae og utgjer ein eigen tribus i denne.

Laukslekta
Blomstrane i laukslekta er regelrette og alltid bygde opp over 3-talet (her 2 x 3).
Blomstrane i laukslekta er regelrette og alltid bygde opp over 3-talet (her 2 x 3).
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae Allioideae
Stamme: Allieae
Slekt: Laukslekta Allium
L., 1753

Ei rekkje andre planter frå denne slekta blir brukte i matlaging, til dømes lauken til vanleg lauk og kvitlauk og stilken frå purrelauk og graslauk.

Laukane kan vere einslege eller samla i klyngje, og dei deler seg kvart år anten ved rothalsen eller langs jordstengelen. Det ytre skalet er brunt eller grått, glatt og seigt, medan dei indre skala er hinneaktige. Blada visnar jamnast ned ved frømogninga, men elles dannar dei ein varig, grunnstilt bunt på 1-12 stk. Blada er vanlegvis lineforma, fura eller flate og rette eller seglforma. Blomstrane sit i skjermar som blomstrar innanfrå og utover. Ofte er dei supplerte med eller har berre yngleknoppar. Blomstrane er opprette, overhengjande eller hengjande med 6 blomsterblad i to krinsar. Frukta er kapselliknande med fleire svarte frø.

Nokre artar

endre

Ei rekkje artar er registrerte i naturen i Noreg:[1][2]

  • Vill-lauk (A. oleraceum), livskraftig (LC)
  • Strandlauk (A. vineale), livskraftig (LC)
  • Roselauk (A. carinatum), framandart, låg risiko (LO) i Framandartslista 2023[3]
  • Bendellauk (A. scorodoprasum), nær truga (NT) i Raudlista 2021[4]
  • Pipelauk (A. fistulosum), sterkt truga (EN)[4]
  • Kepalauk, lauk, vanleg lauk (A. cepa), framandart, tradisjonell produksjonsart, ikkje risikovurdert
  • Graslauk (A. schoenoprasum), livskraftig (LC), med underartane
    • Nominatunderarten matgraslauk (A. schoenoprasum ssp. schoenoprasum), framandart, svært høg risiko (SE)[3]
    • Sibirgraslauk (A. schoenoprasum ssp. boreale), livskraftig (LC)
  • Kantlauk (A. lusitanicum), sterkt truga (EN)[4]
  • Ramslauk (A. ursinum), nær truga (NT)[4]
  • Sigerslauk (A. victorialis), framandart, potensielt høg risiko (PH)[3]
  • Kirgislauk (A. hollandicum), framandart, låg risiko (LO)[3]
  • Villpurre (A. ampeloprasum), framandart, tradisjonell produksjonsart, ikkje risikovurdert
    • Elefantkvitlauk (A. ampeloprasum var. ampeloprasum), varietet
    • Kurratlauk (A. ampeloprasum var. kurrat), varietet
    • Purre (A. ampeloprasum var. porrum), varietet
  • Prydlauk (A. angulosum), framandart, einskildfunn, låg risiko (LO)[3]
  • Blålauk (A. caeruleum), framandart, einskildfunn, låg risiko (LO)[3]
  • Dogglauk (A. flavum), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
  • Gullauk (A. moly), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
  • Snøklokkelauk (A. paradoxum), framandart, låg risiko (LO), dørstokkart[3]
  • Luftlauk (A. ×proliferum), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
  • Kulelauk (A. rotundum), framandart, einskildfunn, ingen kjend risiko (NK)[3]
  • Kvitlauk (A. sativum), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
  • Honninglauk (A. siculum), framandart, einskildfunn, låg risiko (LO)[3]
  • Trekantlauk (A. triquetrum), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert

Andre artar med norske namn der det finst og engelske der dette manglar.

Kjelder

endre
  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 213–217, 1148. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre laukslekta». Artsdatabanken. Henta 6. mars 2023. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 «Fremmedartslista 2023». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 6. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre