Sid McGinnis
Sid McGinnis (fødd 6. oktober 1949 i Pittsburgh, Pennsylvania) er ein amerikansk musikar best kjent som gitarist i The CBS Orchestra, som er husbandet til Late Show with David Letterman.
Sid McGinnis | |||
Fødd | 6. oktober 1949 (75 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1975– | ||
Sjanger | rock | ||
Instrument | gitar | ||
Verka som | gitarist |
Har turnert med artistar som Barry Manilow, Peter Gabriel, Carly Simon og Laurie Anderson. Han har òg spelt på platene til blant andre Dire Straits, Ashford & Simpson, David Lee Roth, Paul Simon, Simon & Garfunkel, Bob Dylan, David Bowie og Leonard Cohen.[1]
McGinnis vart med i The World's Most Dangerous Band i 1984, som var Late Night with David Letterman sitt husband. Han var eigentleg berre invitert til å spele gitar med bandet ei veke, men enda opp med å bli den faste gitaristen. Då David Letterman skifta frå NBC til CBS og Late Show with David Letterman i 1993, vart han med på lasset og er framleis eit av medlemmane i The CBS Orchestra. [2]
Kjelder
endre
- Denne artikkelen bygger på «Sid McGinnis» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Sid McGinnis playing Guitars in Paul Simons band» (på engelsk). paul-simon.info. Henta 23. september 2011.
- ↑ «Sid McGinnis: Late Show on CBS» (på engelsk). cbs.com. Henta 23. september 2011.