Carly Simon

amerikansk songar

Carly Elisabeth Simon (fødd 25. juni 1943) er ein amerikansk songar, låtskrivar og barnebokforfattar. Ho vart berømt på 1970-talet med ei rekkje hitplater; hennar 13 Topp 40 i USA inkluderer «Anticipation» (nr. 13), «Haven't Got Time for the Pain» (nr. 14), «Attitude Dancing» (nr. 21), «You Belong to Me» (nr. 6), «Coming Around Again» (nr. 18), og hennar fire Gull-sertifiserte singel «You're So Vain» (nr. 1), «Mockingbird» (nr. 5, ein duett med James Taylor), «Nobody Does It Better» (nr. 2) frå James Bond-filmen The Spy Who Loved Me og «Jesse» (nr. 11). Ho har skrive fem barnebøker og to memoarar.

Carly Simon

Simon i 1974
Fødd25. juni 1945 (78 år)[1]
FødestadNew York City, U.S.
FødenamnCarly Elisabeth Simon
OpphavUSA
AktivSidan 1964
Sjanger
InstrumentVokal, gitar, piano
Stemmetypealt
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Songar
  • låtskrivar
  • forfattar
MorAndrea Heinemann Simon
FarRichard L. Simon
Gift medJames Taylor, James Hart
BornSally Taylor, Ben Taylor
PrisarGrammy Award for beste nye artist, Rock and Roll Hall of Fame

I 1964 byrja Simon ein kort periode saman med søstera Lucy Simon som Simon Sisters. Duoen gav ut tre album, som byrja med Meet The Simon Sisters, som inneheldt «Winkin', Blinkin' and Nod». Basert på diktet av Eugene Field vart songen ein mindre hit og nådde nr. 73 på Billboard Hot 100.[6] Etter at Lucy forlét gruppa, fekk Carly stor suksess som soloartist med sitt sjølvtitulerte debutalbum frå 1971, som vann henne Grammyprisen for beste nykommar, og gav henne den første topp 10-singlen hennar, «That's the Way I've Always Heard It Should Be» (nr. 10), som ho vart Grammy-nominert for beste kvinnelege popsong med. Hennar andre album, Anticipation, følgde seinare same år og vart ein endå større suksess, med dei vellykka singlane «Anticipation» og «Legend in Your Own Time», som gav henne nok ein Grammypris-nominasjon, og vart hennar første album som vart sertifisert gull av RIAA. Simon oppnådde internasjonal merksemd med sitt tredje album, No Secrets (1972), som låg som nr. 1 på Billboard 200 i fem veker, vart sertifisert platina, og skapte verdshitten «You're So Vain», som låg som nr. 1 på Billboard Hot 100 i tre veker, og gav henne tre Grammy-nominasjonar, inkluderte årets plate og årets låt. Andre singelen til albumet, «The Right Thing to Do», og dessutan B-sida, «(We Have) No Secrets», vart òg ein suksess. Hennar fjerde album, Hotcakes (1974), følgde snart etter og vart ein uvilkårleg suksess, nådde nr. 3 på Billboard 200, gjekk til gull nesten omgåande, og gav hitsinglane «Mockingbird» og «Haven't Got Time for the Pain». Det femte albumet til Simon Playing Possum, og samlinga The Best of Carly Simon, vart begge gjevne ut i 1975, med førstnemnde topp 10 på Billboard 200 og hitsingelen «Attitude Dancing», og sistnemnde vart til slutt 3× platina, og vart Simon si bestseljande utgiving.

I 1977 spelte Simon inn «Nobody Does It Better» som kjenningsmelodi til James Bond-filmen The Spy Who Loved Me, og han vart ein verdsomspennande hit. Songen skaffa henne nok ein Grammy-nominasjon, og gjekk til topps på Adult Contemporary-lista i 1977.[7] I ettertid har songen vorte rangert som eit av dei beste Bond-temaa.[8][9][10] Simon byrja å spela inn fleire songar til filmar på 1980-talet, mellom anna «Coming Around Again» til filmen Heartburn (1986). Songen vart ein stor Adult Contemporary-hit, og albumet Coming Around Again dukka opp året etter, til ytterlegare kritisk og kommersiell suksess, noko som gav Simon nok ein Grammy-nominasjon, platina og ytterlegare tre Adult Contemporary-hitsinglar; «Give Me All Night», «The Stuff That Dreams Are Made Of» og «All I Want Is You». Med hitten «Let the River Run» frå filmen Working Girl frå 1988 vart Simon den første artisten til å vinna ein Grammypris, ein Oscarpris og ein Golden Globe-pris for ein song komponert og skrive, og dessutan framført, heilt og fullt av ein enkelt artist.[11]

Som ein av dei mest populære av dei konfesjonelle songarane/låtskrivarane som dukka opp tidleg på 70-talet,[1] har Simon hatt 24 singlar på Billboard Hot 100-lista og 28 singlar på Adult Contemporary-lista.[12] Blant dei ulike utmerkingane hennar, har ho vunne to Grammyprisar, frå 14 nominasjonar, og vart innlemma i Grammy Hall of Fame for «You're So Vain» i 2004.[13] AllMusic kalla henne «ein av dei viktigaste songar-låtskrivarane i 70-åra».[1] Ho har ei alt-røyst,[14] og har nemnt Odetta som ein stor innverknad.[15] Simon vart innlemma i Songwriters Hall of Fame i 1994.[16] Ho vart heidra med Boston Music Awards Lifetime Achievement for livsverket sitt i 1995, og vart æresdoktor ved Berklee College of Music i 1998.[17] I 2005 vart Simon nominert til ei stjerne på Hollywood Walk of Fame, men ho har enno ikkje fått stjerna si.[18][19] I 2012 vart ho heidra med The Founders Award frå American Society of Composers, Authors and Publishers.[20] Den 5. november 2022 vart Simon innlemma i Rock and roll Hall of Fame.[21][22]

Karriere endre

Simon byrja opptre med systera Lucy Simon i 1963 som The Simon Sisters.[23] Duoem gav ut tre album, fyst Meet the Simon Sisters med songen «Winkin', Blinkin' and Nod», som ble ein mindre hitt.[24] Etter at Lucy gav seg fekk Carly stor suksess som soloartist med debutalbumet Carly Simon frå 1971. Med dette vann ho Grammy Award for Best New Artist. Singelen «That's the Way I've Always Heard It Should Be» nådde Topp 10-lista og gav henne ein Grammy-nominasjon for Best Female Pop Vocal Performance.

Det andre albumet til Simon, Anticipation, kom ut året etter og blei ein endå større suksess. Det selte til gull. Det tredje albumet, No Secrets (1972), var på fyrsteplassen på Billboard 200 i fem veker og selde til platina.

Filmmusikk (utval) endre

I 1977 framførte Carly Simon «Nobody Does It Better» i James Bond-filmen The Spy Who Loved Me. I alle tidlegare Bond-filmar hadde hovudmelodien av filmen hatt same tittel som filmen sjølv; bidraget til Simon representerte eit brot med denne tradisjonen.

Til filmen Working Girl frå 1988 skreiv Simon fleire av musikkspora, og for gjennomgangsmelodien av filmen Let the River Run vann ho som første kvinnelege komponist ein Grammy Award, ein Golden Globe og Oscar for beste song.[25]

Diskografi endre

Studioalbum endre

Julealbum endre

Konsertalbum endre

Andre album endre

Samlealbum endre

Filmar endre

Konsertfilmar endre

Filmar endre

Bøker endre

Barnebøker endre

  • 1989: Amy the Dancing Bear
  • 1990: The Boy of the Bells
  • 1991: The Fisherman's Song
  • 1993: The Nighttime Chauffeur
  • 1997: Midnight Farm

Sjølvbiografiar endre

Biografiar endre

  • 2008: Girls Like Us: Carole King, Joni Mitchell, Carly Simon and the Journey of a Generation by Sheila Weller[28]
  • 2011: More Room in a Broken Heart: The True Adventures of Carly Simon by Stephen Davis[29]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «AllMusic bio». Arkivert frå originalen 28. desember 2014. Henta 7. april 2023. 
  2. Anderson, Stacey. «Week in Rock History». Rolling Stone. Arkivert frå originalen Jun 25, 2020. Henta 15. juni 2014. 
  3. «The Simon Sisters: Winkin', Blinkin' And Nod». Carlysimon.com. Arkivert frå originalen 31. mai 2016. Henta 17. februar 2016. 
  4. «Elephants Memory Biography». Billboard. Arkivert frå originalen Nov 26, 2015. Henta 15. juni 2014. 
  5. Widran, Jonathan. «Andreas Vollenweider - Midnight Clear». AllMusic. Arkivert frå originalen Jan 23, 2015. Henta 13. juni 2014. 
  6. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  7. «Billboard Easy Listening Charts Singles». Billboard Magazine. 24. desember 1977. Henta 7. april 2023. 
  8. Edwards, Gavin. «Carly Simon, 'Nobody Does It Better' (1977) - The Top 10 James Bond Theme Songs». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 5. november 2018. Henta 15. juli 2015. 
  9. Ruggieri, Melissa. «Topp 10 James Bond-temasanger noensinne». Billboard. Arkivert frå com/articles/chartbeat/474775/top-10-james-bond-theme-songs-sever?page=0%2C1 originalen Check |url= value (hjelp) Feb 28, 2013. Henta 7. april 2023. 
  10. Ruggieri, Melissa. «James Bond temasanger: We rank the exceptional and unremarkable, from Adele to Madonna». USA Today. Arkivert frå originalen Oct 8, 2021. Henta 8. oktober 2021. 
  11. «Carly Simon - ASCAP Founders Award». Arkivert frå originalen 7. april 2023. Henta 7. april 2023. 
  12. «US Albums and Singles Charts > Carly Simon». Billboard. Henta 3. januar 2020. 
  13. «Carly Simon». National Academy of Recording Arts and Sciences. Arkivert frå grammy.com/artists/carly-simon/6577 originalen Check |url= value (hjelp) 20. mars 2022. Henta 19. oktober 2018. 
  14. Weller 2009, s. 159
  15. Weller 2009, s. 96
  16. «Songwriters Hall Of Fame - Carly Simon». Songwriters Hall of Fame. Arkivert frå originalen 9. november 2014. Henta 7. april 2023. 
  17. «Carly Simon Official Website - Awards». Arkivert frå originalen 19. oktober 2007. Henta 7. april 2023. 
  18. «Carly Simon Official Website - News». Arkivert frå shtml originalen Check |url= value (hjelp) 4. august 2004. Henta 27. mars 2021. 
  19. «32 New Stars On Hollywood Walk». CBS News. Arkivert frå originalen Oct 20, 2020. Henta 27. mars 2021. 
  20. Baltin, Steve. «Trent Reznor, Carly Simon, Peter Frampton Honored by ASCAP». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 30. jan 2019. Henta 7. april 2023. 
  21. Greene, Andy. «Eminem, Dolly Parton, Duran Duran, Lionel Richie Lead Rock & Roll Hall of Fame 2022 Class». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 7. april 2023. Henta 7. april 2023. 
  22. DeRosa, Andrew. «Carly Simon, who grew up in Stamford, to be inducted into Rock & Roll Hall of Fame». Middletown Press. Arkivert frå originalen 7. april 2023. Henta 7. april 2023. 
  23. Jack Harkrider (27. april 1963). «Smothers Brothers Visit 'Hootenanny'». Fort Worth Star-Telegram. «The Simon Sisters, Lucy and Carly, making their television debut, will sing "Winken, Blinken, and Nod."» 
  24. Whitburn, Joel (1991). Top Pop Singles 1955–1990. Record Research, Incorporated. ISBN 0-89820-089-X. 
  25. SIMON CARLY (18. april 2012). «ASCAP Founders Award». American Society of Composers, Authors and Publishers. Arkivert frå originalen 1. mai 2014. Henta 13. mai 2016. 
  26. «Taking Off - Full Cast and Crew». IMDb. Arkivert frå originalen Apr 23, 2017. Henta 17. august 2014. 
  27. «Boys in the Trees: A Memoir». Carlysimon.com. Arkivert frå originalen 3. januar 2020. Henta 10. november 2021. 
  28. «Girls Like Us: Carole King, Joni Mitchell, Carly Simon – and the Journey of a Generation». GoodReads.com. Arkivert frå originalen 28. september 2021. Henta 11. juni 2019. 
  29. «More Room in a Broken Heart: The True Adventures of Carly Simon». GoodReads.com. Arkivert frå originalen 11. februar 2021. Henta 11. juni 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Carly Simon