Opna hovudmenyen

Sieg er ei elv i Nordrhein-Westfalen og Rheinland-Pfalz i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre med ei lengd på 153 km. Elva er kalla opp etter folket i Sigambrer. Ho har sitt utspring fjella i Rothaargebirge, og frå her renn elva sørvestover mot byen Siegen og åsane i Siegerland, som begge er kalla opp etter elva. Lenger vest dannar Siegdalen grensa mellom Bergisches Land i nord og Westerwald i sør. Elva renn gjennom eit verna område aust for Bonn. Etter å ha passert byane Hennef og Siegburg munnar ho ut i Rhinen nær Niederkassel/Mondorf eit par kilometer nord for sentrum av Bonn.

Sieg
elv
Sieg near Siegburg.jpg
Sieg nær Siegburg
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Nedslagsfelt 2 832 km²
Lengd 153 km
Middelvassføring 52 /s
Kjelde Siegerland
 - høgd 603 moh.
Munning Rhinen
Wikimedia Commons: Sieg

KjeldeEndra