Sierra Nevada i USA
Sierra Nevada er ei fjellkjede som hovudsakleg ligg i den austlege delen av California i USA, med ein del, Carson Range, som hovudsakleg ligg i Nevada. Sierra Nevada er ein del av Kordillerane, ei rekkje fjellkjeder som går gjennom heile Amerika. Fjellkjeda er også kjend som The Sierra.
Sierra Nevada | |||
fjellkjede | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | California | ||
Høgd | 4 421 m | ||
Areal | 24 370 km² | ||
Sierra Nevada i USA 37°44′N 119°34′W / 37.73°N 119.57°W | |||
Sierra Nevada i California.
| |||
Wikimedia Commons: Sierra Nevada (United States) |
Sierra Nevada strekker seg 650 km, frå Fredonyerpasset i nord til Tehachapipasset i sør. I vest grensar ho til Central Valley, og i aust til Great Basin.
I fjellkjede finst mellom anna det kjende treet General Sherman, det største treet i verda i volum; Lake Tahoe, den største alpine sjøen i Nord-Amerika; Mount Whitney på 14 505 ft (4 421 m),[1] som er det høgaste punktet i det samanhengjande USA, og Yosemite Valley, danna av isbrear i gammal granitt med ei rekkje høge fossar. Det ligg tre nasjonalparkar her, tjueseks villmarksområde, ti nasjonalskogar og to nasjona monument. Desse områda omfattar Yosemite nasjonalpark, Sequoia nasjonalpark, Kings Canyon nasjonalpark og Devils Postpile National Monument.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sierra Nevada (USA)» frå Wikipedia på bokmål og Sierra Nevada frå Wikipedia på engelsk, den 5. mars 2023.