Sierre
Sierre, (tysk; Siders), er ein by og ein kommune i distriktet Sierre i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 15 527 innbyggjarar (2010) og eit areal på 19 km². Sierre er hovudstad i distriktet og ligg 533 meter over havet.
Sierre | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Valais | ||
Distrikt | Sierre | ||
Språk | fransk | ||
Borgarmeister | François Genoud | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
19,2 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
15 527 808,7 /km² | ||
Koordinatar | 46°18′0″N 7°32′0″E / 46.30000°N 7.53333°E | ||
Høgd over havet | 533 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 3960 | ||
Nettstad: www.sierre.ch |
Kommunen ligg ved grensa mellom fransk og tysk språk i Sveits. Sierre har ein større tyskspråkleg minoritet, og er ein av tre byar i Sveits som er offisielt tospråkleg. Området har stor tilgang på vasskraft, og har over 1 200 arbeidsplassar i smelteverksindustrien.
Kommunen ligg sentralt i Rhônedalen, ved høgrebreidda av elva. Den nærliggande elva Raspille vert rekna som språkgrensa mellom den fransk- og tysktalande delen av Sveits. Kommunen består av byen Sierre, landsbyane Granges, Noës og Muraz, og grendene og busetnadane Gerunden, Plantzette, Vieux-Sierre, Bourg, Glarey, Borzuat, Zervettaz, Villa d'en Bas, d'en Haut, Sous Géronde, Cuchon og Monderèche.
Sierre er innfallsporten til turiststader i Val d'Anniviers som består av landsbyane Vercorin, Chandolin, St-Luc Vissoie, St-Jean Chandolin, Grimentz, Zinal og Ayer. Sierre er knytt til Crans-Montana med ein kabelbane.
Lac de Géronde er ein liten innsjø i kommunen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sierre» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (fransk)