Kabelbane eller funicular er ei bane med skjenegåande transportvogn som går i så bratt terreng at det trengst ein kabel festa til vogna for å drage ho oppover og sleppa ho nedover. Kabelen ligg på trinsar i skjenegangen og vert drive av ein motor utstyrt med bremsesystem ved øvre enden av bana. Ofte har bana to særskilde vogner festa i kvar sin ende av kabelen, slik at den vogna som går nedover kan hjelpe til med å dra den andre vogna oppover ved at kabelen går over eit stort hjul som motoren ved øvre enden av banen dreg rundt. Dei to vognene kan passere kvarandre på ei stutt strekning med dobbelt spor og faste sporvekslarar, dersom det ikkje er bygd eit spor for kvar vogn på heile strekninga.

Ei kabelbane kan byggjast med anten eit spor for kvar vogn (skissa til venstre), eller med eit sams spor for båe vognene, med kryssingsspor midtvegs for at dei kan passere kvarandre (skissa i midten og til høgre). Det er ikkje rørlege sporvekslarar, slik som på ein jarnbane, og kvar av vognene nyttar alltid sitt eige kryssingsspor på opptur og nedtur. For å få vognene inn på det rette sporet under passeringa, kan ein anten nytte eit system med tre skjener som skil seg i to kryssingsspor, og ha vognhjul med flensar på innsida, slik det er synt på skissa i midten. Eller ein kan nytte eit system (oppfunne av sveitasaren Carl Apt) med berre to skjener på fellesstrekninga og i staden ha hjul med flensar både på innsida og utsida på den eine sida av vognene, medan det på den andre sida (på den indre skjena i kryssingssporet) er breie, trommelliknande hjul utan flensar, slik det er synt på skissa til høgre. Dei breie trommelliknande hjula skal gjere det lett å passere gapa i skjenene i sporvekslarane, mellom anna dei gapa som kablane som dreg vognene går gjennom. Fløibanen i Bergen har denne løysinga.
Den eine av dei to vognene på Fløibanen i Bergen. I midten av skjenegangen kan ein sjå kabelen for vogna oppover og vogna nedover og trinsane kabelen ligg på. Lengre nede, midtvegs på strekninga, er det dobbelt spor der dei to vognene passerer kvarandre.

Av tryggleiksomsyn er det ofte montert bremsar på vognene som kan gripe om skjenene og stanse dei automatisk om kabelbrot eller anna skulle gjere dette naudsynt.

Kabelbaner vert nyttast både for godstransport og persontransport. Eit døme på kabelbane for persontrafikk er Fløibanen i Bergen; dette er den einaste kabelbana for ordinær persontrafikk i Skandinavia. Her er det mannskap på kvar av dei to vognene, og haldeplassar for på- og avstiging undervegs.

Ordet funicular kjem frå det latinske funiculus som tyder «tynt tau».

Historie endre

Dei fyrste kabelbanene vart drivne med vasskraft og lét taubåtar i elvar forsere stryk. Dei vart brukte tidleg på 1800-talet. Denne typen kanaltrafikk var på høgda i 1830-åra i USA. I Noreg har ein ikkje hatt noko slikt transportmiddel. Det næraste ein kjem, er varianten Kjerraten i Åsa.

Ei av dei mest kjende kabelbanene nokon gong var Mount Lowe Railway i det sørlege California. Det var ei bane som frakta passasjerane 1 050 meter opp til snøfjellet Mount Lowe. Ho vart bygd rundt 1900 og var driven av Pacific Electric Railway. Bana vart nedlagt i 1938, då ein brann øydela fasilitetane for skituristane.

Kabelbana til toppen av Vesuv inspirerte til songen «Funiculì Funiculà» av Luigi Denza (med tekst av Peppino Turco). Denne bana vart totalskadd under utbrotet Vesuv hadde i 1944 og er aldri vorten restaurert og sett i drift igjen.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kabelbane