Sigfrid er er eit namn med opphav i norrønt Sigfríðr som er samansett av orda for «siger» og «vakker». Namnet er i Noreg i dag eit kvinnenamn, men det er i andre land, tidlegare òg i Noreg, bruka som mannsnamn, som ei sideform til namnet Sigfred eller Sigfried. Nordover i Noreg er namnet helst bruka i forma Sigfrida.

Kvinner som heiter Sigfrid har namnedag 12. juni i Noreg.

Bruken av namnet i Noreg endre

  • I 1801 finn vi ikkje namnet Sigfrid i folketeljingslistene.
  • I 1900 var nær 350 manntallsførte med namnet Sigfrid, om lag 150 med namnet Sigfrida.
  • Per 1.1.2007 har vel 570 kvinner Sigfrid til første fornamn, 15 heiter Sigfrida. 4 kvinner og 7 menn har Sigfried som første fornamn.

Sjå òg endre

Andre kjelder endre