Sigmund Borgan
Sigmund Borgan (19. juni 1920–3. juni 2004) var ein norsk professor i landbruksøkonomi ved Norges Landbrukshøgskole i Ås.
Sigmund Borgan | |
Fødd | 19. juni 1920 |
Død |
Sigmund Borgan var fødd i Vikna kommune som son av Amanda Hansen og læraren Jens Kristian Borgan. Han vart gift 1949 med Kathrine Backer. Han tok utdanning ved NLH og mastergrad i USA. Sidan underviste han i landbruksøkonomi ved NLH, dei siste 18 åra som professor.
Sigmund Borgan var talsmann for eit allsidig arbeidsintensivt landbruk tufta på foredling dei lokale ressursane, og han var kritisk til at det norske landbruket utvikla seg i kapitalintensiv retning.
Bibliografi
endre- Forbruksutviklingen og balansen mellom produksjon og forbruk av jordbruksvarer i Norge i tida fram til 1985, Jordbrukets avsetningskomité av 1956. Arbeidsdokument nr. 59, Vollebekk 1959
- Noen emner fra landbrukspolitikken, Ås 1974 (2. utg. 1978)
- Økopolitikk og populisme, 1979
- Bygdenæring eller industri? Artiklar i utval, 1981
- Landbrukspolitikk. Ressurser og tilpassing, Ås 1982