Sigrun Espe
Sigrun Espe (fødd 3. november 1980 i Leikanger) er tidlegare dagleg leiar i Slett U-landgjelda (2010–2011),[1] og leiar av Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond, SAIH (2009).[2]
Sigrun Espe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. november 1980 (44 år) Leikanger kommune |
Espe har mastergrad i sosialantropologi frå Universitetet i Bergen og har tidlegare vore leiar av SAIH-Bergen, og nestleiar i SAIH. Ho har hatt ei rekkje ulike styreverv som leiar for fredspriskomiteen for Studentane sin fredspris i 2009, og som nestleiar av Støttekomiteen for Vest-Sahara (SKVS). Frå 2020 til 2022 var Espe styreleiar i Wikimedia Noreg.
Espe arbeider per 2023 som fagleiar for arkiv i Vestland fylkeskommune.[3]
Referansar
endre- ↑ Slettgjelda.no: Daglig leder
- ↑ SAIH.no: Nytt om navn i SAIH[daud lenkje]
- ↑ september 2022, Postet av Elin Storøstevik Publisert | Oppdatert 19, «Sigrun Espe - Fylkesarkivet i Vestland», www.fylkesarkivet.no (på norsk), henta 18. mars 2023
- Denne artikkelen bygger på «Sigrun Espe» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mars 2020.