Fylkesarkivet i Vestland

61°10′53″N 6°51′16″E / 61.181276°N 6.854434°E / 61.181276; 6.854434

Fylkesarkivet i Vestland

HovudkontorAskedalen 2, 6863 Leikanger
FylkesarkivarArnt Ola Fidjestøl
VerkeområdeVestland
EigarskapVestland fylkeskommune
Nettstadhttps://www.fylkesarkivet.no

Fylkesarkivet i Vestland tek vare på og formidlar arkiv- og kjeldemateriale frå Vestland fylke. Arkivet samarbeider tett med kommunar og har ulike fysiske og digitale publikumstenester.

Organisasjon

endre

Fylkesarkivet i Vestland utgjer frå 1. januar 2020 seksjon for arkiv i avdeling for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylke. Den nye seksjonen i det nye fylket består av tidlegare Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Hordaland fylkesarkiv. Arnt Ola Fidjestøl er seksjonsleiar. Avdelingsleiar er Per Morten Ekerhovd. Seksjonen har kontor på fylkeshusa på Leikanger i Sogndal kommune og på Sandsli i Bergen.

Historie

endre

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

endre

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vart oppretta som ei prøveordning av Sogn og Fjordane fylkeskommune 1. desember 1983. I 1986 vart institusjonen etablert som ei fast ordning. Fylkesarkivet samlar inn, ordnar og formidlar kommunale arkiv, fylkeskommunale arkiv og privatarkiv, foto, levande bilete, lyd, musikk, stadnamn og litteratur. Dei første åra leigde arkivet lokale hjå De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. I 1990 flytta arkivet inn i det nye bygget til Sogn og Fjordane fylkeskommune på Hermansverk i Leikanger kommune.

Første større prosjektet til arkivet var innsamling av stadnamn.[1] Dette vart i hovudsak gjennomført 1985 og 1986 og omfatta alle dei 26 kommunane i fylket. Prosjektleiarar vart engasjerte i alle kommunane, og i houdsak løna av sysselsetjingsmidlar. Kring 250.000 stadnamn vart kartfesta, listeførte og uttalen teken opp på band. Dei fleste gardar og bruk i kommunane vart vitja. 1985 starta og arbeidet med å registera namna i ein database slik at dei etter kvart kunne verta søkbare.

Fylkesarkivet starta arbeidet med å registrere personar i kyrkjebøker, emigrantlister og folketeljingar på slutten av 1980-tallet. I dag er dette tilgjengeleg på heimesidene til Riksarkivet.

Fotoarkivet starta i 1986 med Ragnar Albertsen som den fyrste fotoarkivar ved arkivet. Kring 1995 starta arbeidet med å digitalisere fotosamlingane og på slutten av 1990-tallet vart dei fyrste bileta tilgjengelege på nettet.

Kommunearkivordninga til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vart oppretta i 1985. Fylkesarkivet gjorde avtalar med kommunane om arkivtenester. Dei første 5 åra vart arbeidet med eldre arkivmateriale prioritert. Dei første arkivarane som jobba med kommunale arkiv var Hermund Kleppa og Bjørn Bering.

Fylkesarkivarar

endre

Hordaland Fylkesarkiv

endre

I Hordaland vart det i 1986 oppretta ei mellombels lokalhistorisk rettleiingsteneste med arkivar i halv stilling. Tenesta vart permanent frå 1990. i 1991 vart det etablert eit mellombels fylkesarkiv, og året etter vedtok fylkes­tinget at arkivet skulle vera permanent frå 1993, og at det skulle overta arbeidet til Lokalhistorisk rettleiingsteneste. Hordaland fylkesarkiv vart difor formelt oppretta i 1993, og var ein del av kultur- og idretttsavdelinga i Hordaland fylkeskommune.

Fylkesarkivet tok imot og oppbevarte eldre arkiv frå sentraladministrasjonen i fylkeskommunen og institusjonar i Hordaland. Fylkesarkivet koordinerte arbeid med privatarkiv i Hordaland og tok imot arkiv frå private arkivskaparar. Før samanslåinga hadde Hordaland fylkesarkiv om lag 3500 hyllemeter arkivsaker frå ca 250 ulike avdelingar, institusjonar og organisasjonar i samlingane.

Fylkesarkivarar

Ansvarsområde og oppgåver

endre

Kommunale arkiv

endre

Kommunearkivordninga er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane om arkivfagleg kompetanse og tenester. Det faglege ansvaret omfattar arkiv frå den tida kommunane vart oppretta i 1837 og fram til i dag. Dei viktigaste oppgåvene er:

  • Formidling av arkiv, kilder og historie
  • Depottenester
  • Arkivdanning
  • Personmateriale
  • Elektroniske arkiv

Denne tenesta stammar frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, og dekker kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane. I Hordaland vert denne tenesta i stor grad utført av IKA Hordaland.

Privatarkiv

endre

Fylkesarkivet har som mål å kartlegge, samle inn, bevare og formidle viktige privatarkiv i Vestland. Privatarkiv er eit viktig supplement til offentlege arkiv. Fylkesarkivet har ei stor samling av privatarkiv etter lag, organisasjonar, foreiningar, bedrifter, politiske parti med meir. Fylkesarkivet har registrert og kartlagt arkiv etter lag og organisasjonar i fylket og har oppretta ein base med om lag 6000 lag/organisasjonar.

Fylkesarkivet skal ta vare på foto som har verdi som dokumentasjon og kjelde, og har ei omfattende samling med eldre foto. Mange av desse bileta er digitalisert og ein ha innsyn på sida foto.fylkesarkivet.no. Fylkesarkivet publiserer også bilete som har falle i det fri på bilettenesta Flickr under brukarnamnet /fylkesarkiv/.

Musikk

endre

Fylkesarkivet arbeider med innsamling, vern og formidling av musikk - og dansetradisjoner i Vestland. Samlinga inneheld om lag 15 000 opptak. Det meste av materialet er folkemusikk samla inn av arkivet eller andre.

Levande bilete

endre

Fylkesarkivet har ei stor samling film, video og lydopptak. Ein del av materialet er intervju med eldre.

Stadnamn

endre

Fylkesarkivet arbeider med innsamling, vern og formidling av stadnamn i Vestland. Stadnamna er kartfesta og uttalen av alle namna er teke opp på band. Stadnamna er tilgjengelege i stadnamndatabasen stadnamn.fylkesarkivet.no, og på Fylkesatlas for Vestland.

Lesesal

endre

Studentar, skuleelevar, lokalhistorieinteresserte, forskarar og andre kan besøke lesesalen og arbeide med relevant materiale. Fylkesarkivet sin lesesal er open for alle. Dersom du ønskjer innsyn i arkivmateriale, må du avtale tid med ein sakshandsamar på førehand. Dette for at vi skal leggje til rette og finne fram det du ønskjer å sjå av arkivmateriale. Opningstider finn ein på på fylkesarkivet.no.

På lesesalen finn du ei samling med lokalhistoriske bøker og trykksaker. Boksamlinga er delt inn i fogderi, fylke og kommunar. I tillegg har vi faglitteratur og tidsskrift innan historie, slekt, utvandring, musikk, stadnamn, offentleg forvaltning og arkiv. Lesesalen inneheld og ei mindre samling mikrofilma folketeljingar, kyrkjebøker, panteregister og lokalaviser.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
Aktuelle rapportar og tenester om stadnamn