Siegrun Siegl

(Omdirigert frå Sigrun Siegl)

Siegrun Siegl, fødd Thon, (fødd 29. oktober 1954) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Apolda i Thüringen som i 1976 vart olympisk meister i femkamp og elles tevla på internasjonalt toppnivå i lengdehopp. Ho representerte Aust-Tyskland.

Siegrun Siegl
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 29. oktober 1954 (69 år)
Apolda
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980, Sommar-OL 1976

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Siegrun Thon sanka 4 584 poeng og vart nummer fire i femkamptevlinga ved Friidretts-EM 1974. Sesongen etter vart ho austtysk meister i femkamp. I Dresden den 19. mai 1976 sette ho med eit lengdehopp på 6,99 meter ny verdsrekord. Vel to månader seinare under dei olympiske sommarleikane i Montreal måtte ho nøye seg med fjerdeplassen i lengdetevlinga. Derimot vann ho gullmedaljen i femkampen, etter ein drabeleg strid mot landskvinnene Christine Laser og Burglinde Pollak. Både Siegl og Laser sanka 4 745 poeng, Pollak 4 740. Avgjerande for gullstriden mellom Sigel og Laser vart at Siegl hadde flest poeng av dei to i tre av dei fem øvingane; høvesvis hekkeløpet, lengdehopp og 200 meter, slik at Laser måtte nøye seg med sølvmedaljen. Siegl presterte serien 13,31 sekundar - 12,92 meter - 1,74 m - 6,49 m - 23,09 sekundar.

Etter eit lengre skadeavbrot satsa Siegl einast i lengdehopp. I 1979 vann ho øvinga i innandørs-EM med eit hopp på 6,70 meter. Året etter vart ho austtysk meister i lengdehopp, medan ho under sommarleikane 1980 i Moskva enda på femteplassen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre