Sigurd Holemark

norsk politikar

Sigurd Holemark (8. september 193412. august 2004) var ein funksjonær og politikar frå Norderhov i Buskerud. Han representerte Østfold og partiet HøgreStortinget frå 1981 til 1993.

Sigurd Holemark
Fødd8. september 1934
Norderhov
Død12. august 2004 (69 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Alle verv

Etter å ha gått handelsgymnas byrja Holemark som praktikant, fyrst ved Borregaard Fabrikker i Sarpsborg og deretter ved firmaet si avdeling i Frankfurt am Main i dåverande Vest-Tyskland. I tida 1957-59 studerte han internasjonal marknadsføring ved eit college i Manchester i Storbritannia. Deretter arbeidde han to år i salsavdelinga til eit lokalt basert selskap i Manchester. Frå 1961 til 1981 hadde han ulike stillingar i administrasjonen i Borregaard i Sarpsborg, dit han også gjekk tilbake då han forlet Stortinget i 1993. Han slutta ved Borregaard i 1997.

Holemark var medlem av bystyret i Sarpsborg i tida 1968-79. Til Stortinget 1977-81 var han fyrste vararepresentant, og møtte nokre få månader i den eigenskapen. Frå 1981 hadde han fast plass for Høgre og Østfold på Tinget i tre valperiodar. I den fyrste perioden, 1981-85, var han medlem av Forsvarskomiteen, deretter 1985-89 av Finanskomiteen og av Landbrukskomiteen, og til sist, 1989-93, av Energi- og industrikomitéen. I tillegg var han med i Valkomiteen 1985-93 og 1989-93 med i Fullmaktskomitéen.

Dei åtte sesjonane frå hausten 1985 til 1993 var han sekretær i Stortinget.

Kjelder endre