Sigurd Lersbryggen

norsk politikar

Sigurd Lersbryggen (8. juli 19012. februar 1980) var ein norsk politikar frå Strømm i Vestfold som representerte partiet HøgreStortinget i tida 1945-57.[1]

Sigurd Lersbryggen
Fødd8. juli 1901
Strømm kommune
Død2. februar 1980 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Lersbryggen tok eksamen ved Vestfold landbruksskule i 1922 og tok over farsgarden i 1928.[1] Han var med i Strømm heradsstyre frå 1931, ordførar 1934-40 og 1945.[1] Også fireårsperioden 1956-59 var han medlem i heradsstyret.[1]

I 1945 vart Lersbryggen vald inn på Stortinget frå Vestfold og Høgre, der han vart sitjande til 1957. I dei to fyrste valperiodane var han medlem av Samferdslekomiteen, i den siste perioden var han nestformann i Skog-, vassdrag og industrikomiteen.[1]

Lersbryggen var med i styringa av fleire lokale tiltak og organisasjonar. Han var formann i Vestfold skogselskap 1941-46 og styremedlem i Svelvik og Strømm Sparebank, i Vestfold landbruksselskap i Konservesfabrikken i Lier og i Vestfold frukt- og korndyrkerlag.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Sigurd Lersbryggen». stortinget.no. Henta 10. mai 2021.