Strømm

tidlegare kommune i Vestfold fylke i Noreg

Strømm er ein tidlegare sjølvstendig kommune som har høyrt til både Buskerud og Vestfold fylke.[1] Strømm vart skipa som Strømm formannskapsdistrikt i 1837, men alt i 1838 slegen saman med Svelvik, og under namnet Svelvik formannskapsdistrikt vart området overført frå Buskerud amt til dåverande Jarlsberg og Larvik amt (Vestfold).

I 1845 vart Strømm og Svelvik delte i to sjølvstendige kommunar: Strømm (Strømmen) med 794 og Svelvik med 1 201 innbyggjarar.

1. januar 1964 vart Strømm og Svelvik på nytt slegne saman til ein kommune med namnet Svelvik.[1] Strømm hadde ved samanslåinga 2 618 innbyggjarar.

Jacob Modalsli var frå Strømm.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Historiske arkiv etter Strømm kommune». Arkivportalen. Henta 29. januar 2018.