Sigurd Manneråk

norsk politikar

Sigurd Manneråk (28. august 19425. april 2003) var ein norsk politikar frå Marnardal i Vest-Agder. Han representerte Vest-Agder og SenterpartietStortinget perioden 1993-97.

Sigurd Manneråk
Fødd28. august 1942
Død5. april 2003 (60 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar

Manneråk var son til ein gardbrukar. Sjølv vart han utdanna lærar i Kristiansand i 1964. Etter eit år som lærar i Laudal, var han skulestyrar i Herøy frå 1966 til -73. Perioden 1973-75 var han pedagogisk konsulent i Rygge, før han så var rektor i tolv år ved Liknes skule i Kvinesdal. Han skifta så beite, ettersom han var helse- og sosialsjef i Kvinesdal kommune åra 1987-93.

Frå 1970-talet deltok Manneråk i politisk verksemd for Senterpartiet. Han var med i kommunestyret i Kvinesdal 1980-87, siste fire åra som varaordførar. Samstundes som han var varaordførar i heimekommunen, hadde han fast plass i fylkestinget i Vest-Agder. Hausten 1993 vart han vald til stortingsrepresentant for Senterpartiet, på Stortinget var han medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskningskomitéen.

Etter han gjekk ut av Stortinget var han 1997-2002 tilsett ved Agderforskning som leiar av Senter for videreutdanning. Til sist leia han eit selskap utgått frå Høgskolen i Agder.

KjelderEndra